Aktobe spelte best og skapte mest. Men også Hødd hadde sine gode periodar, og kunne med litt hell ha fått scoringa som ville sendt dei vidare på bortemålsregelen.

- Dei vann fortent, men hadde ikkje altfor mange sjansar sjølv om dei hadde ballen mykje. Eg sit att med blanda kjensler. No tenkjer eg kanskje at det var på heimebane vi burde ha gjort dette. Då hadde vi såpass godt overtak at vi kunne ha vunne meir, seier Andreas Rekdal like etter kampslutt.

- Fann ikkje posisjonane

Han fekk prøve seg i ei ny rolle som høgre backving. Etter ein ruskete start spelte larsnesingen seg bra opp utover i kampen.

- I starten fann vi ikkje heilt posisjonane og laga unødvendige store rom bak oss. Men etter kvart fekk vi det betre til, forklarer Rekdal.

- Utruleg stolt

Trenar Lars Arne Nilsen var sjølvsagt skuffa, men også stolt etter kampslutt.

- Eg synest 2-0 gir eit greitt bilete av kampen. Dei var hakket betre enn oss og vann fortent. Men eg er utruleg stolt av innsatsen som vart lagt ned. Vi kunne jo fort ha gått vidare også. Jesper var nokre centimeter frå å stusse ballen i mål. Så vi er nære avansement, seier Nilsen.

- Er det ekstra bittert å tape så knapt når de kom hit utan to av lagets beste spelarar (Nilsen og Latifu, som ikkje fekk visum)?

- Det tenkjer eg ikkje på. Fokuset låg på dei spelarane som vi hadde på bana i dag. Eg synest dei gjorde ein kjempejobb. Så det gidd eg ikkje å spekulere i. Men vi er utruleg nære. Det var liv i kampen heilt ut. Det er berre å bøye seg i støvet over innsatsen vi la ned.

- Strålande nøgd

Andreas Lie varta opp med fleire kjemperedningar og var sterkt delaktig i at Hødd hadde gode sjansar for avansement heilt inn.

- Eg har følt meg i god form lenge. Eg er strålande nøgd med eigen innsats. Uansett hjelper det ikkje når vi går ut, seier Lie til lokalavisa.

Han var klar på at Aktobe fortente å vinne med to mål i dag.

- Aktobe fortente å vinne. Det er det ingen tvil om. Men når vi likevel er berre eitt mål unna er det surt å stå her no og ha roke ut. Vi tapte for eit betre lag, men vi kunne ha stole sigeren, meiner den gode keeperen.

- Kva skjer?

Som synest det er bittert at Sivert Heltne Nilsen og Akeem Latifu ikkje fekk spele returoppgjeret i Aktobe.

- Det er jo snakk om to mann, og når så lite skil laga kunne det fort sett annleis ut med dei her. Vi må jo lure på kva som eigentleg skjer. Det er tydeleg at det er noko som vi ikkje er vande med der vi bur.

Ny kamp søndag

Allereie søndag spelar Hødd ny kamp borte mot Vard Haugesund i serien.

- Etter eit tap liker eg å komme i gang med neste kamp så fort som mogleg. No skal vi heim og restituere, så skal vi sjå fram mot søndagens kamp, seier Lars Arne Nilsen.

- Akkurat no er det veldig vanskeleg å tenke på ein ny kamp søndag. Men vi får berre riste av oss dette før vi tenkjer på neste kamp, kommenterer Andreas Lie.

PS. I det dette er skrive (20.26 norsk tid) skal reisefølgjet på 73 personar straks setje kursen mot flyplassen i Aktobe. Håpet er å rekke 03.00-ferja frå Sulesund. Vikebladet.no kjem med meir frå opphaldet i Kasakhstan når vi kjem heim til norsk jord.

Slik såg skåringatavla ut etter 90 minutt. Foto: einar orten trovåg
Ein farleg situasjon for Hødd. Foto: einar orten trovåg