– Eg vil takke både Hødd og Aalesund for at dette kom i orden. Eg veit det ikkje var lett for Hødd, sidan dei mangla ein høgreback. Det er trist for meg å forlate Hødd. Dei har vore som ein familie for meg dei tre siste åra. Eg har eit godt forhold til alle der. Men dette er fotball. Eg har ønska meg å spele i den høgste divisjonen, og no kom moglegheita, forklarer Akeem.

Kom inn tidleg

Vi møtte han etter Aalesunds 3-1-siger mot Sarpsborg 08 søndag. Akeem starta på benken, men kom inn då Demar Phillips vart skadd alt etter 16 minutt. Akeem spelte ein heilt grei kamp. Som vi har sett så mange gonger i Hødd spelar han på små marginar, og då går det både godt og gale.

– Tippeligaen er ikkje som Adecoligaen. Tempoet er høgare, atmosfæren annleis og tilskodartala høgare. Men eg var ikkje nervøs. Eg visste det ville bli hardt. I fjor spelte eg jo mot både Haugesund, Brann og Tromsø i cupen, og Sarpsborg har eg møtt fleire gonger som Hødd-spelar, fortel Akeem.

Ønskjer Tippeliga-medalje

Som går frå opprykksjakt med Hødd til medaljejakt med Aalesund. Tangotrøyene ligg per dato på tredjeplass i Tippeligaen.

– Vi må halde fram med å vere fokuserte og høyre på trenaren. Spelestilen her passar meg og eg meiner vi kan ta medalje, varslar den offensive høgrebacken.

Som i utgangspunktet er leigd ut til Aalesund denne hausten. Neste år har han kontrakt med Hødd. Så får vi sjå i vinter om Aalesund kjøper han eller ei.

PS. Akeem bur framleis i Ulsteinvik. Han pendlar til treningar og kampar i Ålesund.

Les også:

* Latifu til AaFK

Akeem i pressesona etter AaFK - Sarpsborg 08 i går.