* 1-0, 3. min: Fredrik Aursnes corner trefte perfekt på pannebrasken til Andreas Rekdal, som stanga ballen i mål.

* 2-0, 54. min: På eit nytt hjørnespark krangla Jesper Törnqvist seg fram og heada inn 2-0.

* 3-0, 70. min: Etter godt kombinasjonsspel hamra innbytar Rune Ertsås inn 3-0 i det nærmaste hjørnet.

* 4-0, 74. min: Erik Sandal limte ballen oppe i vinkelen på eit frispark.

* 4-1, 81. min: Innbytar Mats Hanstad kom rett inn frå benken og krangla inn ei redusering etter eit innlegg frå høgre.

Oppsummering 1. omgang

Det hadde ikkje blitt spelt meir enn eit halv minutt før Erik Sandal testa skotfoten mot keeper Yngve Sandbuløkken, men sisteskansen fekk slått ballen ut til corner.

Det skulle derimot ikkje gå lang tid før ein annan Hødd-spelar klarte å lure Sandbuløkken. Ein corner frå Fredrik Aursnes etter tre minutt trefte perfekt på pannebrasken til Andreas Rekdal, som stanga inn 1-0 til heimelaget.

Espen Standal hadde også ein god sjanse til å heada inn eit nytt mål for Hødd, men denne gongen lykkast ikkje ørstingen med å finne målet.

Aursnes leverte gode dødballar i den første omgangen og etter halvtimen kunne han ha servert endå ei skåring. Stoppar Moltu heada innlegget til ungguten mot mål, men keeper fekk boksa ballen ut av farleg sone.

Minuttet før pause stod både Moltu, Standal og Sivert Heltne i kø for å setje inn 2-0, men etter mykje om og men fekk Sandbuløkken til slutt kontroll på ballen.

Oppsummering 2. omgang

Åtteminutt ut i den andre omgang kunne Standal ha auka leiinga for Hødd, men keeperSandbuløkken fekk slått ut til hjørnespark.

Men dethjørnesparket heada kaptein Jesper Törnqvist kontant i målet frå 3-4 metershald.

Med timenspelt på Høddvoll kunne Standal ha punktert kampen ein gong for alle etter athan vart slått gjennom på blank hald, men heller ikkje denne gongen greidde21-åringen å setje ballen mellom stengene.

Andrehøddarar hadde derimot ingen problem med å overliste sisteskansen.

InnbytarRune Ertsås brukte berre ti minutt på banen før han hamra inn 3-0 for Hødd.

ErikSandal ville ikkje vere noko dårlegare og limte ballen opp i det venstrekrysset på eit frispark fire minutt seinare.

Atbortelagets Mats Hanstad kom rett inn frå benken og reduserte til 4-1 var eilita ripe i lakken for Hødd. Men Hødd hadde full kontroll og tok sinstørste siger i årets sesong.

Kampfakta:Adeccoligaen, 26 rundeHødd – Elverum 4-1 (1-0)HøddvollTilskodarar: 1367 selde billettar og sesongkortMål: 1-0 Andreas Rekdal (3), 2-0 Jesper Törnqvist (54), 3-0 Rune Ertsås (70),4-0 Erik Sandal (74), 4-1 Mats Hanstad (81)Dommar: Petter Kristiansen Toppe, Bergen Nord - 5Gule kort: Håkon Rønes, Dardan Rexhaj, Mohammed Mbye (Elverum)

Hødd (4-3-3): Andreas Lie – JonasIngebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal (VictorGrodås, 76) – Erik Sandal, Sivert Heltne Nilsen, Fredrik Aursnes – BendikTorset (Franjo Tepuric, 76), Espen Standal , Andreas Rekdal (Rune Ertsås, 60)