Før måndagens kamp mot Larsnes/Gursken frå nabokommunen Sande, hadde Hødds 2.-lag ikkje tapt ein einaste seriekamp på dei sju siste kampane.

Det var derfor ei tøff oppgåve som LGFK stod ovanfor på Høddvoll-kunstgraset i den tredje siste serierunden i årets 3.-divisjon.

Heldig mål

Tøffare vart det då Mats Øvrebotten enkelt kunne pirke inn 1-0 etter halvtimen. Skåringa kom etter at bortelagets keeperen og ein forsvarspelar gjekk i same duell, som i den forstand enda uavgjort.

Hødd kontrollerte resultaten inn til pause, og verka å ha grei kontroll på kampen den første omgangen.

Eit noko friskare LGFK prøvde å få grep om kampen etter kvilen, men Hødd-keeper Jan-Lennart Urkes arbeidsoppgåver dei siste 45 minutta gjekk hovudsakleg ut på å setje i gang spelet frå femmeter.

- Hadde tenningsnivået

Så å seie det siste som skjedde i kampen var at Nils Erik Engen sette inn 2-0 på overtid etter ei god kontring frå vertane.

Hødd-rekruttane står derfor med åtte strake kampar utan tap i serien.

Kaptein Pål Hofset Skeide var godt nøgd med at lagkameratane bretta opp ermane i det som trenar Kenneth Moldskred kategoriserte som eit "kjøtkamp".

- Tenningsnivået vårt var i alle fall bra til stades. Vi gjekk i duellane og vann "krigen", rosar ein stolt kaptein.

Kostbart tap

For gjestane derimot var dette ein kamp som fort kan ha utgjord ein heil del med tanke på nedrykkssituasjonen til Larsnes/Gursken. LGFK-trenar Per Rune Tødenes stirar no 4.-divisjon rett i auga.

- Slutten for oss kan bli stygg. Med eit par spelarar til ute i ein allereie tynn stall så kan det fort skjere seg. Så det er heilt klart at vi kan rykkje ned no, seier ein sindig Tødenes om situasjonen.

Kampfakta

3.-divisjon, avd. 9Hødd2 - Larsnes/Gursken 2-0 (1-0)Høddvoll kunstgrasTilskodarar: ca 100Mål: 1-0 Mats Øvrebotten (29), 2-0 Nils Erik Engen (90+5)Dommar: Tor Ove Myrseth, FK Sykkylven - 4Gule kort: Nils Erik Engen, Henrik Grimstad (Hødd). Henrik Eidheim (LGFK).

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Henrik Gjengår, Mathias Grimstad, Tobias Vibe, Torvald Ringstad - Henrik Grimstad, Pål Hofset Skeide, Nils Erik Engen - Mats Øvrebotten (Martin Mork Breivik, 68), Franjo Tepuric, Benjamin Mork Kleppe (Eirik Sundgot Kristiansen, 90)

Heider:

*** Pål Hofset Skeide** Henrik Gjengår* Henrik Grimstad

LGFK (4-4-2): Olav Rekdal - Jørn Olsen, Preben Sætre (Tor-Jørgen Kleppe, 90), Alexander Nevstad, Henrik Eidheim (Oskar Fjørtoft Sandanger, 90) - Robert Vik, Leiv Sindre Muren, Oskar Gunnarstein, Karl Bringsvor (Aleksander Rekdal, 45) - Anders Vaagen, Thomas Sætre Hauge

Heider:

*** Preben Sætre** Leiv Sindre Muren* Robert Vik