Ertesvåg har blitt heidra med éi, to eller tre stjerner i 11 av 16 seriekampar, noko som vitnar om ein jamt god sesong av Hødd-kapteinen. Ho vart også lagets toppscorar med ni seriemål. Men hadde Åslaug Helvig også spelt vårsesongen hadde kanskje ho blitt lagets mestscorande? Helvig kom tilbake etter skade i haust og scora sju mål på dei seks siste kampane. Elles ser vi at Vilde Hasund har hatt ein god sesong med 16 stjerner og seks mål.

Topp 5 stjerner:

1. Ragnhild Ertesvåg (21)

2. Vilde Hasund (16)

3. Ellen Aahjem (11)

4. Thea Vattøy Kristensen (9)

4. Miriam Tvedt (9)

(I fjor vann Ertesvåg med 30 stjerner framfor Angelica Vattøys 21. Merk at Hødd spelte 21 seriekampar i fjor – mot 16 i år.)

Mål:

9: Ragnhild Ertesvåg

7: Åslaug Helvig

6: Vilde Hasund og Miriam Tvedt

2: Angelica Vattøy og Thea Vattøy Kristensen

1: Hanna Møllerstad og Ellen Aahjem

Til saman 34 seriemål på 16 kampar.

(I fjor vart Angelica Vattøy toppscorar med 14 mål. Ertesvåg hadde 11. Vattøy melde i sommar overgang til Fortuna.)

Ein plass opp

I fjor vart Hødd nummer sju av 11 lag i 2.-divisjon med 27 poeng på 20 teljande kampar (éin kamp vart ikkje teljande då eit lag trekte seg). I år vart Hødd nummer seks av ni lag med 16 poeng på 16 kampar.

FAKTABOKS

Som vanleg deler Vikebladet Vestposten ut pokal til beste spelar for alle seniordivisjonane (11-ar) i Hareid og Ulstein. Vinnaren er vedkommande som endar opp med flest stjerner i referata våre (for Hødd a-lag sin del beste børssnitt). I år har vi eitt lag i kvar divisjonen frå 1. til 5. i dekningsområdet, pluss tre i 6.-divisjon. Vi premierer også den lokale spelaren med flest mål i seniordivisjonane (11-ar).

* 1.-divisjon (M): ??????

* 2.-divisjon (K): Ragnhild Ertesvåg

* 3.-divisjon (M): ??????

* 4.-divisjon (M): ??????

* 5.-divisjon (M): ??????

* 6.-divisjon (M): ??????

* Lokal toppscorar (M eller K): ????