- Ikkje i det heile tatt. Det er heilt surrealistisk at eg er her og kjempar i denne enden av tabellen. I vinter tenkte eg på at måtsettinga var å halde seg oppe, så eg er veldig glad for at eg tok valet om å kome hit, svarar Eirik Ulland Andersen om han hadde sett føre seg at han skulle vere med og kjempe i toppen av Adeccoligaen i januar.

Mental omstilling

På akkurat denne dagen for eit år sidan (13. oktober 2012) vann Andersens Vard Haugesund 2-0 heime mot Pors Grenland. Då kom også haugesundaren på skåringslista eit kvarter før full tid.

Med god margin vart Vard seriemeistrar i avdeling 3 og Andersen kunne ta turen opp ein divisjon. Det har derfor vore ei stor forandring for 21-åringen det siste året.

- Då eg kom hit var det eigentleg berre å fokusere på å prestere på banen. Etter kvart har eg jo sett på tabellen og sett at det var mogleg å rykkje opp. Det er klart at det er ei mental omstilling for meg, forklarar kantspelaren som legg til at for han personleg vil han heller gå for direkte opprykk i staden for å kjempe seg gjennom ei kvalifisering.

Ikkje ein ny 7'ar

Då Andersen kom til Hødd fekk han draktnummeret 23, som han også hadde i tida hans i Vard. Etter at han har kome seg meir inn i laget, har han også teke over mykje av frisparkansvaret - som Pål André Helland og Erik Sandal har hatt dei siste åra.

Men å ta over 7'ar-drakta til Sandal på sikt, har ikkje Andersen i tankane.

- Det er ikkje noko eg har tenkt over. Eg likar veldig godt talet 23. Nummer 10 er jo eit fint nummer det også, men det får vere greitt med det eg har, seier han audmjukt.

- Kan bety mykje

Denne sesongen har om lag halvparten av måla til Hødd kome etter anten straffespark, frispark, innkast eller hjørnespark. Talet på dødballmål er derfor relativt høgt for Hødds del.

Med både Andersen og Sandal som frisparkskyttarar, Fredrik Aursnes på hjørnespark, Jonas Ingebrigtsen på innkast og Sivert Heltne Nilsen på straffespark, har Hødd sterke kvalitetar på dei fleste dødballane. Andersen trur det kan vere ei styrke i dei siste fire kampane.

- Det kan bety ganske mykje. I Adeccoligaen får ein mange cornerar og frispark. Det er tøft fysisk og vert det ofte mange slike situasjonar. Har ein då matchvinnarar som kan avgjere det, kan det vere positivt framover, seier han.

Matchball

Og det kan bli svært så positivt for Hødd om dei skulle klare å slå fylkesrival Kristiansund BK i morgon (søndag) når dei gjestar Høddvoll.

Skulle det bli heimesiger i Ulsteinvik, vil nordmøringane ikkje kunne ta igjen Hødd og vil derfor ikkje vere nokon konkurrent lenger.

- Det seier seg sjølv at det er ekstremt viktig. Då kvittar vi oss meir eller mindre KBK for godt med tanke på kvaliken. Eg trur vi må ha fem poeng til, så er vi definitivt sikra kvaliken. Dess fortare vi tek dei, dess betre er det, trur Sandal.

Sannsynleg Hødd-lag:

Andreas Lie - Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Ruben-Kenneth Brandal - Fredrik Aursnes, Sivert Heltne Nilsen, Erik Sandal - Joachim Magnussen, Espen Standal, Eirik Ulland Andersen.

*

Komande runde (27 av 30) med våre tips:

Laurdag: Fredrikstad – Bryne (H)

Søndag: Hødd – Kristiansund BK (H), Elverum – Follo (B), Strømmen – Kongsvinger (H), Bodø/Glimt – Ranheim (H), Ull/Kisa – HamKam (U)

Måndag: Sandefjord – Mjøndalen (B)

(Vard Haugesund – Stabæk er utsett til 24. oktober.)