- No skal vi gjennomføre det spelarane har forstått i løpet av 2013-sesongen, seier han til lokalavisa.

Einar Orten Trovåg, leiar i sportsleg utval, opplyser at lagleiinga er godt fornøgd med sesongen. - At vi no er over tjue mann på trening heilt på tampen av sesongen, seier litt om interessa og trivselen. Vi har også hatt ein sesong utan nemneverdig intern krangling, slår han fast.

Her er Hans Gisle Holstad snar med å understreke at Hareid-laget har vore ein svært kjekk gjeng å arbeide med. Han synest også at løysinga med ein treningsleir i Tyrkia før seriestart var svært positiv - og er innstilt på at ein slik leir kan bli gjennomført også i 2014.

Tung 2012-sesong

Hareid hadde ein tung sesong i 3.-divisjon i 2012. Spelarstallen var liten og mange var ikkje godt nok trente. Ei av oppgåvene før 2013-sesongen var å styrke kondisjonen i gruppa.

- Vi har på mange måtar hatt eit  generasjonsskifte, slår Orten Trovåg fast. - At vi hamnar på 4.- eller 5.-plass, er godt gjort med tanke på alle dei nye på laget. Og særleg det at vi gjorde det så godt i haustsesongen etter at så gode spelarar som Kim-Tore Husøy og Ørjan Engen Grimstad forsvann, viser at mange unge spelarar har teke steget. No står unggutar som Lars Andreas Folkestad, Audun Øvrelid og Ola Vattøy fram som leiarar.

Av dei tre veteranane som har vore  i sving i år, er det truleg berre Marius Rise som gir seg. Vagn Scheide Mork og Eiliv-Tore Howlid held fram.

- Vi er innstilte på å bygge vidare på dette laget - og er samtidig  opne for spelarar utanfrå som kan tenke seg å trene med oss, seier Orten trovåg. - Når denne sesongen definitivt er over - og vi har hatt ein liten pause - tek vi til att med eit møte ein gong uti november.

I tillegg til Hans Gisle Holstad vil Vidar Vollsæter - og sannsynlegvsi Ruben Kenneth Brandal - halde fram som hjelpetrenarar.

Eit anna samfunn

Då Hans Gisle Holstad tok opp-att trenargjerninga i vinter hadde han vore borte frå dette stort sett i 18 år: - Eg måtte gi meg då eg vart skulesjef i 1994-95. Det vart for vanskeleg å kombinere. No når eg vart pensjonist, har det vore lettare å få til.

- Kva er forskjellen frå før?

- Hareid hadde ein glansperiode  i 1980-åra. Skilnaden mellom då og no er at det er mykje vanskelegare å få til eit homogent lag på dette nivået i dag. Det har å gjere med fleire ting, blant anna at så mange jobbar deltid og om kveldane. Folk er dessutan mykje meir mobile i dag. Dei reiser vekk på skule - og har eit anna ferieopplegg. Vi har rett og slett eit anna samfunn i dag enn då. I høgare divisjonar - der dei løner spelarane - blir det meir homogent fordi spelarane er bundne til avtalar og kontrakter.

- Men det har gått fint. Vi be-stemte tidleg at spelarane skulle seie ifrå når dei ikkje kunne kome på trening, og det har fungert. Det har som sagt vore ein svært kjekk gjeng, men fotballfagleg er det eit sprik mellom dei beste og coming men-spelarane. Men skilnaden har vorte mindre i løpet av året. Eg har vore oppteken av å få til ein overgang frå berre det å “sparke fotball” til det å “tenke og spele” fotball. Spelarane må lære vekslinga mellom fridom og disiplin. Vi har absolutt gjort framsteg på dette området - og neste år skal vi gjere det vi har forstått i løpet av 2013-sesongen, seier Holstad.