20 stjerner var sju fleire enn andremann på lista; Ruben Muren. Sistnemnde var stjernekonge i 5.-divisjon i fjor og vart kåra til årets Hasundgot-spelar i år av klubben sjølv (sjå eige bilete).

Ein av Martin Longva sine eldre brør, Terje, tok tredjeplassen på stjernebørsen i år. Han vart nummer to i same kåring i fjor.

Topp 5 stjerner 2013:

1. Martin Longva (20)

2. Ruben Muren (13)

3. Terje Longva (11)

4. Kjetil Knotten (10)

5. Lars Mork (9)

I fjor vart Georg Aursnes og Sveinar Øvrelid Hasundgot-toppscorarar med fem mål kvar. I år stakk Lars Mork av med denne tittelen.

Topp 5 mål 2013:

1. Lars Mork (8)

2. Tore Romestrand (6)

3. Kjetil Knotten (5)

4. Ole Magnus Melchior (4)

5. Erik Hasund (3)

5. Vegard Selvåg (3)

Hasundgot auka målfangsten frå 33 mål i fjor til 38 i år. Men merk at det vart spelt to kampar fleire i 5.-divisjon i år (til den eine, borte mot FK Sykkylven, stilte Hasundgot rett nok ikkje lag).

Plasseringa til laget vart også litt betre enn i fjor; frå sjuande- til sjetteplass. Felles for begge sesongane er at Hasundgot måtte vente til siste runde før dei sikra plassen.

FAKTABOKS

Som vanleg deler Vikebladet Vestposten ut pokal til beste spelar for alle seniordivisjonane (11-ar) i Hareid og Ulstein. Vinnaren er vedkommande som endar opp med flest stjerner i referata våre (for Hødd a-lag sin del beste børssnitt). I år har vi eitt lag i kvar divisjonen frå 1. til 5. i dekningsområdet, pluss tre i 6.-divisjon. Vi premierer også den lokale spelaren med flest mål i seniordivisjonane (11-ar).

* 1.-divisjon (M): ??????

* 2.-divisjon (K): Ragnhild Ertesvåg, Hødd

* 3.-divisjon (M): ??????

* 4.-divisjon (M): ??????

* 5.-divisjon (M): Martin Longva, Hasundgot

* 6.-divisjon (M): Jørgen Gjerde, Haddal

* Lokal toppscorar (M eller K): ????

Helga som var hadde Hasundgot avslutningsfest. Desse prisane vart delte ut (frå venstre): Lars Mork (toppscorar), Ruben Muren (årets spelar) og Kjetil Knotten (årets nykomar). Foto: Svein Eirik Ertesvåg