Skeide stod med to stjerner etter dei 12 første rundane, men plukka heile 19 frå runde 13 og utover. Seks gonger vart Skeide kåra til Hødd 2s beste spelar. Nærast Skeide kom Nils-Erik Engen, som plukka fire stjerner i vårsesongen og 14 om hausten.

Topp 5 stjerner 3.-divisjon 2013:

1. Pål Hofset Skeide (23)

2. Nils-Erik Engen (18)

3. Henrik Gjengår (15)

4. Mathias Grimstad (13)

5. Bendik Torset (12)

I fjor spelte både Hareid og Hødd 2 i 3.-divisjon, og Hareid-keeperen Vagn Scheide Mork samla då flest stjerner. Dei fire Hødd 2-spelarane på topp 10-lista i fjor var Christian Mork, Michael Karlsen, Jan-Lennart Urke og Thomas Lid Kleppe. Av dei er det berre Urke som har spelt for Hødd i år.

*

I 2012 var Robin Hjelmeseth mestscorande 3.-divisjonsspelar av dei lokale. Han var ikkje langt unna å bli det i år også, sjølv om han spelte haustsesongen i Herd. Men Benjamin Mork Kleppe scora fire mål på dei fem siste kampane og sneik seg forbi på tampen.

Topp 5 mål i 3.-divisjon 2013:

1. Benjamin Mork Kleppe (7)

2. Robin Hjelmeseth (6)

2. Mats Øvrebotten (6)

3. Nils-Erik Engen (6)

5. Rune Ertsås (5)

Hødd 2 enda på sjuandeplass i årets 3.-divisjon. Laget sleit rett før og rett etter sommaren, men leverte elles ein fin sesong. Hødd tapte berre éin av dei ti siste kampane. Sjuandeplass er eitt hakk ned i høve 2012. Men det skal nemnast at Hødd i fjor ofte stilte med svært a-lagsdominerte lag i 3.-divisjon. I år har a-lagsstallen vore tynnare. Det har gjort at mange fleire unge spelarar har fått sjansen i 3.-divisjon. Sjølv om Hødd enda éin plass ned i høve 2012 tok dei forresten to poeng fleire (frå 38 til 40).

FAKTABOKS

Som vanleg deler Vikebladet Vestposten ut pokal til beste spelar for alle seniordivisjonane (11-ar) i Hareid og Ulstein. Vinnaren er vedkommande som endar opp med flest stjerner i referata våre (for Hødd a-lag sin del beste børssnitt). I år har vi eitt lag i kvar divisjonen frå 1. til 5. i dekningsområdet, pluss tre i 6.-divisjon. Vi premierer også den lokale spelaren med flest mål i seniordivisjonane (11-ar).

* 1.-divisjon (M): ??????

* 2.-divisjon (K): Ragnhild Ertesvåg, Hødd

* 3.-divisjon (M): Pål Hofset Skeide, Hødd

* 4.-divisjon (M): ??????

* 5.-divisjon (M): Martin Longva, Hasundgot

* 6.-divisjon (M): Jørgen Gjerde, Haddal

* Lokal toppscorar (M eller K): ????