Grimstad flytta til Trondheim i sommar, men spelte fire av Har-eids haustkampar – og fekk stjerner i tre av dei (fem til saman). Etter ein forrykande haustsesong (16 stjerner) kunne Marius Rise ha snike seg forbi Grimstad på tampen, men med karantene i siste kamp gjekk ikkje det for Rise sin del. Han kan uansett trøyste seg med å ha vunne Hareid IL sin eigen børs for denne sesongen – som er hans siste i denne omgang grunna flytting til Oslo.

I fjor var det Vagn Scheide Mork som samla flest stjerner av Hareid-spelarane. Han er også med på topp fem-lista i år. Merk at det er mange gode defensive spelarar som har skilt seg ut på årets Hareid-lag. Kanskje fordi talet på baklengsmål vart halvert i høve 2014 – frå 98 til 49?

Topp 5 stjerner 4.-divisjon 2013:

1. Ørjan Engen Grimstad (22)

2. Marius Rise (20)

3. Lars Andreas Dahlen Folkestad (13)

4. Ola Kalvø Vattøy (11)

5. Vagn Scheide Mork (10)

5. Eiliv-Tore Howlid (10)

For første gong på mange år var det ein annan spelar enn Ronny Jørgensen (gav seg etter sist sesong) og Kim-Tore Husøy (flytta til Oslo i sommar) som vart Hareid-toppscorar. I år har Christer Adrian Mork for første gong spelt ein heil sesong for Hareid a-lag. Og måla har blitt banka inn med jamne mellomrom, som “Bromle” har gjort i alle aldersklassar og i 6.-divisjon opp gjennom åra. Men: Hadde ikkje Ola Kalvø Vattøy stått over siste serierunde med skade kunne han ha snike seg forbi Mork på tampen. Vattøy studerte i utlandet då sesongen tok til, men frå midten av mai og utover har han vore ein av Hareids viktigaste spelarar.

Topp 5 mål 4.-divisjon 2013:

1. Christer Adrian Mork (14)

2. Ola Kalvø Vattøy (13)

3. Kim-Tore Husøy (7)

4. Georg Eikrem Olsen (4)

4. Eiliv-Tore Howlid (4)

4. Thor-Ove Brekke (4)

(Hareid scora totalt 62 mål på 22 kampar.)

Hareid enda på sisteplass i 3.-divisjon i år. Med tanke på alle problema laget då hadde var 5.-plass i 4.-divisjon i år ein godkjent prestasjon. I teorien kjempa laget om opprykk til det var att to serierundar, men for mange uavgjorte kampar denne hausten (pluss ein dårleg periode i første del av juni) gjorde at Hareid måtte nøye seg med ei plassering litt bak dei beste.

FAKTABOKS

Som vanleg deler Vikebladet Vestposten ut pokal til beste spelar for alle seniordivisjonane (11-ar) i Hareid og Ulstein. Vinnaren er vedkommande som endar opp med flest stjerner i referata våre (for Hødd a-lag sin del beste børssnitt). I år har vi eitt lag i kvar divisjonen frå 1. til 5. i dekningsområdet, pluss tre i 6.-divisjon. Vi premierer også den lokale spelaren med flest mål i seniordivisjonane (11-ar).

* 1.-divisjon (M): ??????

* 2.-divisjon (K): Ragnhild Ertesvåg, Hødd

* 3.-divisjon (M): Pål Hofset Skeide, Hødd

* 4.-divisjon (M): Ørjan Engen Grimstad, Hareid

* 5.-divisjon (M): Martin Longva, Hasundgot

* 6.-divisjon (M): Jørgen Gjerde, Haddal

* Lokal toppscorar (M eller K): ????