Karsten Warholm er denne veka på Mallorca. Der svinga seg til 4.00 i stavsprang alt på den første økta, melder Dimna IL på si nettside. Dette er 20 centimeter høgare enn Karsten makta på trening i Oslo sist helg. Kristian Dragsund Mork, Hallbjørn Hasund Thorseth og trenar Arve Hatløy er også med på treningsleiren.

Grunnen til at Dimna IL-gjengen valde å reise til Mallorca er at IL Bul også er der. Dei har eit godt stavmiljø.

Karsten Warholm og Co. reiste 10. april og kjem heim 23. april. Planen er å trene to gonger dagleg. Karsten skal trene stavrelatert éin gong dagleg. Hallbjørn og Kristian vil trene mest sprint og hekk.