- Det byrja eigentleg med at Larsnes/Gursken kom seg til første ordinære runde i Noregsmeisterskapen i fjor, og gjentok bedrifta i år igjen. I år kom også Bergsøy med til første runde, og motstandarane blei høvesvis Hødd og AaFK. Vi er generalsponsor for alle fire laga, og tenkte med ein gong vi burde gjere noko, seier Aadne Sandanger, autorisert finansiell rådgjevar i Sparebanken Møre på Larsnes.

10.000 kroner for mest publikum

Sandanger og banksjef Kjell Ove Vasstrand tok difor kontakt med arrangementansvarleg i Aalesunds FK, Øyvind Vebenstad. Vebenstad er kjent som ein svært dyktig arrangementansvarleg, og gav banken råd om å arrangere ein konkurranse mellom dei to 3. divisjonslaga.

- Det er så enkelt som å samle flest mogleg tilskodarar til kvar sin cupkamp. Vinnaren får utdelt ein sjekk frå Sparebanken Møre på 10.000 kroner i pausen, seier Aadne Sandanger.

Banksjefane på Larsnes og i Fosnavåg vil vere tilstades på kampen til sine respektive lag, og når vinnaren blir annonsert i pausen blir det prisutdeling anten på River Plate i Gursken eller Havila

Mobiliseringa i full gong

Sparebanken Møre ynskjer både å skape blest kring oppgjera 24. april, men også leggje til rette for at fleire kjem på kamp også ved seinare høve.

- Dette er heilt klart ei stor hending for begge lag, og vi håper effekten vil vare lenge for både Larsnes/Gursken og Bergsøy. Eg veit at mobiliseringa er i full gong i begge leirar, og somme har planar om å komme langvegesfrå. Så dette blir uhyre spanande.

Aadne Sandanger spelte i si tid sjølv for både Larsnes og Gursken før laga slo seg saman, og er artig nok også svogeren til Gursken-patrioten og landslagsspelaren Jan Åge Fjørtoft. Han klarer ikkje heilt å legge skjul på at han håpar på mykje publikum på River Plate neste torsdag.

- No når vi ikkje lenger kan slåst om kven som skal eige Svinøya, så kan vi jo heller slåst om kven som klarer å samle mest folk på tribunene, seier ein låttmild Aadne Sandanger til slutt.