5.-divisjonslaget Hasundgot testa kampforma ved fire høve. Etter to sigrar over Tjørvåg og Moltustranda/Gjerdsvika, gjekk dei på eit braktap mot divisjonskollega Åram/Van.kam på eige kunstgras.

I generalprøven borte mot Bergsøys juniorlag såg det lenge lovande ut etter at Vegard Sundgot sende heimelaget i føringa etter ein halvtime, men etter pausen slokna mykje av spruten i beina. I andre omgang snudde Bergsøy kampen til 3–1.

Midt på treet

Sjølve oppkøyringa til sesongen er kvittrøyenes trenar, Vidar Ertesvåg, passeleg nøgd med.

– Treningsmessig starta det litt dårleg i vinter, men dei siste tre vekene har det vore veldig bra. Kampmessig har det vore om lag midt på treet, synest eg. Vi veit kva vi har og det verkar som at gutane er klare til seriestart, meiner Ertesvåg.

Mista spelarar

Frå fjoråret har laget frå Dimnøya mista sentrale spelarar i kvart ledd. Medan Lars Mork og Kjetil Knotten har starta militærteneste, har Martin Longva gått til Hareid. I tillegg har Ole Magnus Melchior bestemt seg for å ta fotballpause.

– Alle desse var sentrale i fjor. Vi har klart å erstatte desse spelarane i talet, men ikkje nødvendigvis i kvalitet. Så det er berre opp til oss å trene enda meir for å bli betre, seier 35-åringen.

Fort Hasundgot

Ertesvåg tvilar på at nokon av laga i årets 5.-divisjon vil vere like suverene som det Langevåg var i fjor. Han trur derfor at det blir særs viktig å gjere Hasundgot kunstgras til eit fort denne sesongen.

– Ja, heimekampane blir veldig viktige. Eg trur dei fleste laga vil vere gode heime, men kanskje slite litt meir med mannskapet på bortebane. Dersom vi har dei fleste spelarane tilgjengelege gjennom heile året så skal vi klare å sparke frå oss, seier han bestemt og legg til at han har eitt klart mål for det neste året:

– Vi skal spele i 5.-divisjon også i 2015.

*

Opningsrunden i 5.-divisjon: Sunnylven/Stranda2 – Sæbø (B), Stordal-Ravn (H), ÅVK-MSIL (H), Hasundgot-Vigra (U), Åmdal-Vartdal (H), Hovdebygda – Ørskog (H).

Kampfakta, generalprøve

Fredag 11. april

Bergsøy junior–Hasundgot 3–1 (0-1)

Havila Stadion Fosnavåg

Tilskodarar: 15

Mål: Vegard Sundgot (32)

Dommar: Tor Henning Andersen, Hareid IL

Gule kort: Ingen

Hasundgot (3-5-2): Joakim Rødven – Anders Vik (Alexey Rybinskiy), Richard Husa, Mats Bigset – Halvor Mjøen Berg, Ruben Muren (Svein Eirik Ertesvåg), Marius Vartdal (Karl Schippmann), Mikal Haanes, Marius Muren – Vegard Sundgot, Ole Kristian Gjerde

*** Joakim Rødven, ** Ruben Muren, * Richard Husa

PS. Merk dei nye spelarane Husa (frå Bergen), Schippmann (Tyskland) og Rybinsky (Russland) - som anten har signert for Hasundgot eller kjem til å gjere det.