Trenar Hans Gisle Holstad fortel at det er noko dei har jobba mykje med denne oppkøyringa. Det har vore mykje prøving og feiling, men Holstad meiner han ser framgang.

– Det går mellom anna på å spele ballen langs bakken og å spele opp mot markerte spelarar. Eg ønskjer at Hareid skal stå fram som eit spelande lag i år. Det skal bli spennande å sjå korleis det går. Mange lag vi møter legg seg bakpå og sparkar ballen av garde. Utfordringa blir å kunne spele ut slike lag, seier den rutinerte trenaren.

Og legg til at han ikkje har lagt ned forbod mot å slå langpasningar – om det i enkelte situasjonar er det smartaste.

Ungt lag

Hareid har mista ei rekkje sentrale spelarar dei siste åra og har ikkje hatt eit yngre mannskap på over ti år. På lagbiletet over er det berre to spelarar over 30 år; keeperen Vagn Scheide Mork og den evig skadeplaga allroundspelaren Eiliv-Tore Howlid.

Hans Gisle Holstad seier seg uansett nøgd med stallen han har til rådvelde. Over 30 spelarar har blitt testa i oppkøyringskampane, inkludert nokre som ikkje er aktuelle for troppen per dato – og mange hospitantar frå eigen stall.   Ifølgje Holstad har det vore heilt bevisst å teste mange spelarar i forskjellige posisjonar.

Mykje fart

Når vi spør Holstad om styrkane ved årets stall er han svar med å svare «fart». Trenaren trur Hareid har fleire av dei raskaste spelarane i divisjonen offensivt, som til dømes Georg Eikrem Olsen, Runar Stranden, Håkon Orten Trovåg, Fredrik Andresen og Robin Jackson Indreflø. Men alle desse og fleire til er typiske vingar.

– Det er inga hemmelegheit at vi saknar ein typisk goalgetter i troppen. Vi har mange gode angriparar, men dei fleste passar betre som ving eller offensiv midt enn midtspiss, forklarer Hans Gisle Holstad.

I generalprøven mot Tornado Måløy FK laurdag var det tydeleg at Hareid mangla ein goalgetter. Dei spelte best og skapte mest mot 3.-divisjonslaget, men bomma på alt av sjansar. TMFK vann 1–0.

Det må også nemnast at fjorårets toppscorar Christer Adrian Mork har vore med lite i år grunna skadar.

*

Opningsrunden i 4.-divisjon (torsdag 24. april): Godøy – Hareid (U), Langevåg – Valder (B), Emblem – FK Sykkylven (H), Skodje – Rollon (B), Stranda – Rollon (U), Blindheim – Ørsta (B) (sistnemnde kamp går fredag 24. april).