– Træff er eit lag vi kan slå, og eit lag vi skal slå. Klart. Det er første serierunde. Så det kan vere nervar ute og går. Men eg trur og håper på siger, seier trenar Ole Per Kragset til lokalavisa.

Han seier seg nøgd med oppkøyringa, der Hødd har spelt seks kampar i Nordvestserien, tre treningskampar i Tyrkia, samt delteke i J19-NM-kvalifiseringa. Minuset er at Hødd har hatt visse skadeproblem. Og i serieopninga må dei truleg klare seg utan både Silje Holstad (betennelse i hofta), Kristin Haddal (kneskade) og Susann Kragset (i opptrening etter korsbandskade).

Første serierunde 2.-divisjon damer avdeling 6 med våre tips:

* Måndag: Hødd–Træff (H), Nidelv–Byåsen (B).

* Tysdag: Trondheims-Ørn II–Verdal (H).

* Onsdag: Sunndal–Clausenengen (H), Stryn–Volda (B).