Både medspelarar og trenarar har blitt imponerte over svensken, som var den siste spelaren Hødd signerte før overgangsvindauget stengte. "Jokke" fekk innhopp både mot HamKam og Tromsdalen. No ligg alt han til ein startplass sentralt på midten saman med Fredrik Aursnes.

- Det skal bli "kul" å få starte. Eg synest eg gjorde eit bra innhopp mot Tromsdalen. Og eg finn meg meir og meir til rette i laget. No ser det ut som eg er inne i 11-aren, og det gir meg berre meir inspirasjon, seier Joakim Wrele til Vikebladet Vestposten.

- Du skal ha imponert på trening den siste tida?

- Hehe, det kan hende. Eg kan ikkje seie anna enn at eg alltid prøver å gjere mitt beste. Og om andre synest eg har gjort det bra så er det "kul" å høyre, smiler midtbanespelaren.

Kanskje svenskebesøk

Som trur det vil passe han fint å danne ein midtbaneduo saman med Fredrik Aursnes.

- Ja, det ser eg fram til. Han har gode teknikk og speleforståing. Men det er det også mange andre her som har. Hødd er eit bra lag. Eg trivest betre og betre. Heile klubben dreg i same retning for å få ein så god sesong som mogleg. Og treningsfasilitetane her er veldig gode her, seier Wrele - som kanskje får tribunebesøk av venner frå Sverige på Fredrikstad stadion måndag.

- Veldig bra

Hødd-trenar Sindre Eid bekreftar at "Jokke" har vist tenner på Hødd-treningane den siste tida.

- Ja, ja. Han har vore veldig bra. Det beviser at han er ein svært god spelar. Han er både klok og veldig pasningssterk, forklarer Eid.

Under første omgang i internkampen fredag drilla Hødd inn dette laget:

Jan-Lennart Urke - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal - Ole Amund Sveen, Joakim Wrele, Fredrik Aursnes, Vegard Heltne - Eirik Ulland Andersen - Joachim Magnussen.

Tett program

Seinare i kampen vart Aslak Falch nytta som keeper på "dei med vestar". I midtbaneleddet er nok både Bendik Torset og Andreas Rekdal sugne på speletid. Og Espen Standal, som starta begge dei to første seriekampane som spiss, skal heller ikkje gløymast - for å nemne nokre.

- No har vi ein god tropp, og det treng vi. For neste veke skal vi spele tre kampar på seks dagar. Kampane gjekk også tett vidare utover i april og mai, så då har vi sjansen til å byte på laget ut frå belastning. Og vi har også folk klare om vi skulle få skadar i troppen, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

- Neste veke har de seriekampar måndag og søndag, samt cupkamp mot LGFK torsdag. Tenkjer de å rullere mykje på laget ut frå om det er serie eller cup?

- Det får vi sjå på. Vi tek ein kamp om gongen. Men troppen er såpass jamn og god no at vi heilt sikkert ikkje skal starte med dei same 11 måndag og torsdag.

- Eit rutinert lag

I fjor tapte Hødd både heime og borte mot Fredrikstad - som spelte i Tippeligaen seinast i 2012. Laget frå Østfold har fått ein grei start på sesongen med tre poeng (bortesiger mot Sandefjord og heimetap mot Tromsø).

- Kva veit de om årets Fredrikstad-lag, Sindre Eid?

- Eg har sett to heile FFK-kampar i år. Dei har eit solid lag med mange rutinerte spelarar med erfaring frå både Tippeligaen og 1.-divisjon. Fredrikstad er eit godt organisert lag. Så det blir ein tøff kamp. Men ut frå det eg såg på treninga vår i dag så er vi også i bra slag. Eg har definitivt tru på at vi kan reise ned dit og ta med oss poeng heim, varslar Hødd-trenaren.

Hødd tek fri påskeaftan, før dei gjennomfører ei lett økt før avreise til Austlandet søndag. Kampstart måndag er allereie klokka 13.00. Du kan følgje kampen live på vikebladet.no.