* 1-0 (18.min): Steffen Nystrøm svingar inn eit innlegg frå høgre som til slutt hamna hos Bjørnar Holmvik, som banka ballen forbi keeperdebutant Aslak Falch.

* 2-0 (57.min): Nystrøm med endå eit innlegg frå høgre, som Robert Stene stangar i mål - via kaptein Jesper Törnqvist.

*1-2 (77. min): Eit frispark frå Joakim Wrele går over alle, og på femmeterstreken stupar Törnqvist fram og headar inn reduseringa for Hødd.

Hødds lag:Aslak Falch; Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal; Bendik Torset, Fredrik Aursnes, Joakim Wrele; Eirik Ulland Andersen; Joachim Magnussen Ole Amund Sveen.

Benken: Jan-Lennart Urke, Andreas Rekdal, Espen Standal, Robin Shroot, Vegard Heltne

Oppsummering 1. omgang

Det var heimelaget som starta oppgjeret best på Fredrikstad stadion. Medan Hødd vart liggjande lågt i banen, trilla vertane stort sett ball dei første 10-12 minutta.

Men overtaket skulle til slutt gi utteljing.

Like før kampen var 18 minutt gamal fekk Bjørnar Holmvik all den tida han trong til å stille inn siktet. Med ei kontant avslutning banka han inn 1-0 nede i Falchs venstre hjørne.

Hødd kan rette ei stor takk til debutant Aslak Falch for at leiinga ikkje vart auka med både to og tre mål i den første omgangen.

Mot slutten av kampen kunne Hødd ha snike seg til ei utlikning då Ruben-Kenneth Brandal la inn frå venstresida. Benrik Torset sende i veg ei skot mot mål, som FFK-back Aleesami heldt på å rote i eige mål - men ballen gjekk til hjørnespark.

Oppsummering 2. omgang

Etter pausen såg Hødd ut til å heve seg noko, men det skulle ikkje gå lang tid før gjestene skulle få eit slag i ansiktet.

Endå ein gong var Steffen Nystrøm frampå på høgresida og fann pannebrasken til Robert Stene, som via Jesper Törnqvist stanga inn 2-0.

Hødd-kapteinen ville derimot gjere det godt igjen og reduserte til 1-2 med knappe 13 minutt igjen å spele. Eit frispark frå Joakim Wrele gjekk gjennom heile feltet og Törnqvist forlenga ballen inn i målet.

Like etter kunne FFK ha avgjort kampen då Wrele stoppa ballen med handa inne i sin eigen sekstenmeter, som resulterte i eit straffespark. Keeper Falch ville derimot ikkje sleppe inn fleire mål og redda straffesparket.

Etter det vart det ingen fleire mål, og Hødd gjekk derfor på sitt første tap for sesongen.

Kampfakta:1.-divisjon, runde 3Fredrikstad – Hødd 2-1 (1-0)Fredrikstad stadionTilskodarar: 4461Mål: 1-0 Holmvik (18), 2-0 Stene (57), 2-1Törnqvist (77)Dommar: Anders Gjermshus, HamarHødd: Aslak Flach - Jonas Ingebrigtsen, JesperTörnqvist (K), Steffen Moltu, Ruben-Kenneth brandal - Ole Amund Sveen, BendikTorset (Espen Standal, 65), Fredrik Aursnes, Joakim Wrele, Eirik Ulland Andersen- Joachim Magnussen (Robin Shroot, 65)