Søndag ettermiddag hadde Hødds a-lag si siste trening før dei reiser sørover for å spele årets andre bortekamp. I eit perfekt fotballvêr på treningsfeltet var det ingen tvil om at trenar Sindre Eid ser fram til å ta igjen for to strake tap mot østfoldingane i fjor.

- Magekjensla mi er alltid god den. Vi har hatt gode treningar i helga og eg gler meg veldig. Det blir artig å reise til Fredrikstad, som jo har ein flott stadion, smiler Eid.

Grodås blir heime

Venstrebacken Victor Grodås har den siste tida følt seg uvel, og var derfor usikker på om han skulle vere med til Fredrikstad.

Eid stadfestar til Vikebladet Vestposten at den tidlegare Lillestrøm-spelaren ikkje blir med i 16-mannstroppen.

- Victor blir ikkje med. Han har slite med eit virus i kroppen, så vi tek ingen sjansar med han. I Vegard (Heltne) sitt tilfelle så ser det bra ut. Elles så er alle tilgjengelege, forklarar Hødd-trenaren.

- Betyr det at Aslak Falch kan få debuten sin, Sindre?

- Det kan han. Men vi tek ikkje ut noko lag før i morgon. Vi har bestemt oss for kven som skal stå i mål, men det får vi ta med dei det gjeld først, svarar den tidlegare Hødd-stopparen.

Resultatet er viktigast

Sist bortekamp (mot HamKam) gjorde Hødd akkurat det som trongst for å sikre alle tre poenga. Eid meiner at det er resultatet som til sjuande og sist er viktigast, ikkje korleis laget spelar.

- Vi ønskjerå angripe i alle kampar vi spelar, men av og til møter ein lag som trykkjer iulike periodar, eller så må vi anten forsvare eller jage ei scoring. Kampar leveralle sitt eige liv. Detviktiaste er at vi sit at med eit resultat til slutt. Om det betyr å angripeeller forsvare seg det får vi sjå i morgon, seier 39-åringen etter å ha tenkt seg litt om.

- Passar oss fint

Før kampen er dei fleste oddsselskapa overtydde om at Hødd har små sjansar om å ta poeng i Fredrikstad. Å ha stempelet som underdog denne gongen er noko fjorårets assistenttrenar kan leve godt med.

- At dei er spådd favorittar passar oss egentleg heilt fint. Då får vi slå tilbake og motbevise akkurat det. Det er 11 mot 11 og vi startar på stillinga 0-0, så det er mykje som kan skje i fotball, avsluttar han og spaserer ut på Høddvoll-matta for å gjere dei siste førebuingane til kampen.

Kampen følgjer du som vanleg på vikebladet.no. Kampstart er 13.00.

PS: Utanom Grodås er Erik Sandal framleis langtidsskadd. Det betyr at så nær som alle spelarane er tilgjengelege til kampen mot Fredrikstad.

*