Etter ein sesong med berre åtte seriekampar og to cupkampar i FK Follo, har Christian Mork bestemt seg for å prøve seg på nye utfordringar i år.

Den tidlegare Hareid- og Hødd-spelaren signerte nyleg under for fylkes- og divisjonsrival Drøbak-Frogn, som også var det første laget Mork spelte mot i Follo-trøya.

Ifølgje klubbens heimeside, er Mork éin av sju nye spelarar denne sesongen, som alle er klare til seriestart borte mot Lørenskog måndag ettermiddag.

Sist sesong var Drøbak-Frogn eit middels lag i 2.-divisjon avdeling 1, og hamna på 7.plass (av 14 lag).