Bli med på flotte fjellturar, oppmodar trimgruppa i Haddal IL som arrangerer fjelltrim også i år.. Dei vil ha med deg på fjellturar i vakkert sunnmørsk terreng. Det er lagt ut postar til både lange og korte turar og det einaste ein treng å gjere for å vere med er å kjøpe eit kart med oversikt over postane.

Plass til alle

Trimgruppa tilpassar kartet slik at alle kan få vere med. Karta kan ein få tak i ved sportsbutikkane i Ulsteinvik frå og med 30.april. Også i kiosken ved Haddal stadiom kan ein få kjøpt kart.

Turane er lagt opp slik at fleire høver både for rullestolbrukarar, barnevogner og eldre, og ein treng berre samle fem postar for å vere med i trekninga av gåvekort, og borna får sjølvsagt diplom.

Postane vert ståande ute til 15. oktober.

Vinnarar frå i fjor var elles Turid Sundal, Jorun Haddal og Niklas Haddal.