Det nyoprykka 3.-divisjonslaget frå Haram hang greitt med i 1. omgang. Dei fekk kampens første sjanse etter ti minutt då Mathias Holstad Grimstad rota det til for seg sjølv på eigen halvdel. Fjorårets Norborg-toppscorar Cato Longva sette fart mot Hødd-målet, men avslutninga gjekk over lengste kryss.

Robin Hjelmeseth var kampens dominerande spelar i 1. omgang. Han gjorde det meste sjølve då Hødd tok leiinga på sin første sjanse for dagen etter 18 minutt. Hjelmeseth drilla seg rundt på venstresida, men vart stoppa av handa til ein motspelar. Straffe til Hødd. Og den sette Hjelmeseth sjølv sikkert i mål.

Hjelmeseths andre

Etter scoringa noterte Benjamin Mork Kleppe seg for to brukbare sjansar. Men mykje av 1. omgang var ein stillingskrig der Hødd hadde ballen mest, medan Norborg jobba godt og stoppa mange av angripa. Både i det 42. og 44. minutt fekk tangotrøyene gode moglegheiter på dødballar utan å overliste Ole Monrad Alme i Hødd-buret. Då var Hødd meir effektive. Like før pause makta ikkje Norborg å klarere ein ball fekk frå eige felt. Det lukta Robin Hjelmeseth, som sette ballen i mål frå kort hald. Dermed 2-0 halvvegs, og Hjelmeseth kunne ta seg ein velfortent dusj (gjekk ut i pausen grunna venteleg speletid mot LGFK i cupen torsdag).

Ny straffescoring

Dei som frykta at Hødd ville gi seg med det hadde ingen grunn til å uroe seg. Etter 61 minutt spelte heimelaget seg flott opp på høgresida. Franjo Tepuric (som var klart betre etter pause enn før) flikka ballen bakover til kaptein Henrik Grimstad, som avslutta det flotte angrepet med å sette ballen i mål frå kort hald.

Grimstad var "on fire" og kom åleine med Norborg-keeper Ronald Olsen berre minuttet seinare. Grimstad vart felt, og frå straffermerket var Frajo Tepuric sikker som banken. Då var Hødd oppe i 4-0.

Grimstad-Tepuric igjen

Norborg hadde eit par sjansar midtvegs i omgangen utan utteljing (mellom anna eit skot i tverrleggjaren). Men så gjekk lufta ut av dei oransje - og Hødd varta opp med mykje bra spel det siste kvarteret. Etter 75 minutt fekk Benjamin Mork Kleppe ein bra sjanse, men keeper Olsen redda. Sju minutt før slutt vart det klart for endå ein suksessfull Grimstad-Tepuric-kombinasjon. Førstnemnde var servitør då kroaten fekk ballen på ballspretten om lag 20 meter frå Norborg-målet. Avslutninga var både lekker og sikker - og vart plassert i det ledige lengste hjørnet.

Sparte på krutet

Benjamin Mork Kleppe hadde ikkje dagen framfor Norborg-målet dei første 87 minutta. Men så vart han felt sjølv på veg gjennom, og Hødd fekk frispark ca. 25 meter skrått frå Norborg-målet. Kleppe tok frisparket sjølv og banka ballen like greitt heilt oppe i det lengste krysset. Av fleire gode alternativ var nok dette dagens finaste mål - og heilt sikkert ein årets mål-kandidat i denne divisjonen.

Hødd vann altså 6-0 og har fått ei pangopning på 3.-divisjonssesongen.

Les reaksjonar frå kampen i torsdagens papirutgåve av Vikebladet Vestposten.

Kampfakta3.-divisjon avdelong 8, runde 1Hødd 2.-lag - Norborg 6-0 (2-0)Høddvoll kunstgrasTilskodarar: 45Mål: 1-0 Hjelmeseth (18, straffe), 2-0 Hjelmeseth (45 +1), 3-0 H. Grimstad (61), 4-0 Tepuric (63, straffe), 5-0 Tepuric (83), 6-0 Kleppe (88).Dommar: Torbjørn Krøvel, Ørsta ILHødd (4-3-3): Ole Monrad Alme - Torvald Ringstad (Amund K. Rasmussen 85), Mathias Holstad Grimstad, Audun K. Øvrelid, Eirik Sundgot Kristiansen - Martin Mork Breivik (Daniel S. Haanes 85), Henrik Grimstad (K), Nils-Erik Engen - Robin Hjelmeseth (Bendik Rise 46), Franjo Tepuric, Benjamin Mork Kleppe.

Andre 3.-divisjonsresultat tysdag:

* Aalesund II - SIF 3-0

* Arna-Bjørnar - Tertnes 0-2

* Sogndal II - Stryn 3-1