Det er to divisjonar i forskjell på laga. Og Hødd vart cupmeistrar så seint som i 2012. Men:

- Vi må ta denne kampen på alvor. Cupen er like alvorleg som serien. Målet er å spele ein veldig god kamp. Vi har lyst til å gjere det godt i cupen, der vi har hatt mange gode opplevingar dei siste åra, seier Hødd-trenar Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

Hødd har faktisk ikkje tapt ein NM-kamp i ordinær tid sidan første runde i 2010, då dei kom til kort mot dåverande 2.-divisjonskollega SIF. Både i 2011 og 2013 rauk Hødd ut etter ekstraomgangar i tredje runde, mot høvesvis Aalesund og Molde.

Både Jan-Lennart Urke, Vegard Heltne, Espen Standal, Robin Shroot og Andreas Rekdal kunne ha spelt tysdagens Hødd 2-kamp mot Norborg, men stod over. Robin Hjelmeseth vart tatt ut i pausen etter å ha scora to mål. Det kan tyde på at desse får speletid mot LGFK torsdag.

- Vi har ikkje tatt ut noko lag, men det ligg i korta at vi rullerer litt. Vi har eit svært hektisk kampprogram framover, med tre kampar denne veka og to neste, forklarer Sindre Eid.

- Kan du røpe noko om kor vidt Bendik Torset og Andreas Rekdal får oppleve folkefesten mot gamle kjende i LGFK?

- Det kan eg ikkje, men eg tippar dei har lyst til å spele, smiler Eid.