Allereie hausten 2013 lyste IL Hødd Fotball ut stillinga som sportsleg utviklingsleiar, og det er no klart at Geir Hansen tek til i stillinga frå 01.august.

Geir er i dag tilsett i Sunnmøre Fotballkrets som spelar og trenarutviklar. I tillegg til jobben i kretsen er han også hovudtrenar for Norges G18-landslag. Geir har lang erfaring innan fotballen, både på klubb, krets og landslagsnivå.

Gjennom 11 år i AaFK var han både hovudtrenar, assistenttrenar og toppspelarutviklar. På landslagsnivå har han vore hovudansvarleg, assistenttrenar og kampanalyseansvarleg på alle nivå frå G15 til G19.

-Vi er veldig godt fornøgd med at vi har fått ein kapasitet som Geir Hansen på plass i denne stillinga, seier Andrè Nevstad i Hødd. Vi har hatt ein god dialog med Geir i lang tid, og veit at han vil passe perfekt inn i den sentrale rolla som hovudansvarleg for sporten og utviklingsarbeidet i Hødd. Geir vil jobbe tett inn mot toppfotballen, men også inn mot utviklingsarbeidet elles i klubben. Vi ser veldig fram til å få Geir på plass på Høddvoll rett etter ferien, seier ein fornøgd Nevstad.

Også hovudpersonen sjølv ser fram til å ta fatt på oppgåvene i Hødd:

- Eg gledar meg enormt til å jobbe saman med utruleg mange dyktige og dedikerte fotballfolk i Hødd. Klubben har høg kompetanse på leiar- og trenarsida, gode lag og ikkje minst mange spennende spelarar. Eg ser fram til å jobbe på kontoret og ute på feltet med å optimalisere muligheitene for å nå klubben sine målsetningar, seier Geir Hansen.