Det er to divisjonar i forskjell på laga. Og Hødd vart cupmeistrar så seint som i 2012. Men:

– Vi må ta denne kampen på alvor. Cupen er like alvorleg som serien. Målet er å spele ein veldig god kamp. Vi har lyst til å gjere det godt i cupen, der vi har hatt mange gode opplevingar dei siste åra, seier Hødd-trenar Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

Rullerer på laget?

Både Jan-Lennart Urke, Vegard Heltne, Espen Standal, Robin Shroot og Andreas Rekdal kunne ha spelt tysdagens Hødd 2-kamp mot Norborg, men stod over. Robin Hjelmeseth vart tatt ut i pausen etter å ha scora to mål. Det kan tyde på at desse får speletid mot LGFK torsdag.

– Vi har ikkje tatt ut noko lag, men det ligg i korta at vi rullerer litt. Vi har eit svært hektisk kampprogram framover, med tre kampar denne veka og to neste, forklarer Sindre Eid.

– Kan du røpe noko om kor vidt Bendik Torset og Andreas Rekdal får oppleve folkefesten mot gamle kjende i LGFK?

– Det kan eg ikkje, men eg tippar dei har lyst til å spele, smiler Eid.

Erik Sandal er langtidsskadd. Elles er Hødd-stallen skadefri. Men Victor Grodås har slite med varierande puls i påska og er usikker. Han stod over måndagens bortekamp i Fredrikstad. Då fekk Ruben-Kenneth Brandal ein etterlengta sjanse.

13 på rad

Hødd har faktisk ikkje tapt ein NM-kamp i ordinær tid sidan første runde i 2010, då dei kom til kort mot dåverande 2.-divisjonskollega SIF – med ex-høddaren Sture Fladmark som trenar. Både i 2011 og 2013 rauk Hødd ut etter ekstraomgangar i tredje runde, mot høvesvis Aalesund og Molde. Det betyr at Hødd har 13 spelt NM-kampar på rad utan å tape i ordinær tid. Larsnes/Gursken på si side skal spele første ordinære NM-runde for andre gong i klubbens korte historie (stifta i 2011). Også i fjor fekk sandssokningane ein innbydande motstandar. Aalesund kom på besøk og vann til slutt 5–0.

Cupbombe?

I år er det Bergsøy som får besøk av eit Aalesund-lag som ser ut til å vere eit stykke unna fjorårets storform. Kan det smelle ei cupbombe i Gurskebotn eller på Havila stadion?

vikebladet.no følgjer begge kampane live.