Under torsdagens cupkamp mellom Larsnes/Gursken og Hødd var det mange kjentfolk på tvers av laga. Medan Hødds Steffen Moltu, Bendik Torset og Andreas Rekdal har spelt for (dåverande) Larsnes IL, har spelarar som Anders Vaagen, Thomas Sætre Hauge og Johnny Moltubakk spelt for Hødd.

- Veldig spesielt

Ettersom Andreas Rekdal tidvis fungerer som hjelpetrenar for Larsnes/Gursken, var det både gode og mindre gode kjensler som hang igjen etter at han var med på å slå sitt "eige" lag ut av cupen.

- Skuffa er eg vel ikkje, men det var heilt klart veldig spesielt. Eg har vore med denne gjengen 100 prosent i tre år, og har spelt fotball med mange av dei sidan eg var liten gut. Samtidig vil eg kome så langt som mogleg med Hødd. Slik sett er det greitt, seier cupfinalehelten frå 2012.

Konsentrasjonen fall

To tidlege scoringar av Robin Shroot og Steffen Moltu sørgja for at Hødd leia 2-0 før det hadde blitt spelt ti minutt på "River Plate".

- Etter det vil eg påstå at kampen var avgjort. Det skal mykje til å score på oss. Vi slepp nesten ikkje inn mål i serien heller. Vi veit at vi er gjerrige bakover og når vi fekk tre mål såpass tidleg følte vi oss veldig trygge, forklarar 25-åringen.

Denne godkjensla gjorde at Hødd vart litt meir avslappa, kanskje litt for avslappa.

- Vi leda både 3-0 og 4-0. Då kan det ofte skje at konsentrasjonen dett litt. Sjølv om det ikkje skal skje så skjedde det, kommenterer Hødd-trenar Sindre Eid.

- Unødvendige mål

Sjølv om Hødd hadde full kontroll på oppgjeret, enda det med to baklengsmål i den andre omgangen. Det meiner Eid var burde ha blitt unngått.

- Det var to unødvendige baklengsmål. Enkelt og greitt. Dette er mål vi ikkje skal sleppe inn, men slike ting kan skje og det er ikkje noko vi kan gjere noko med no. Vi tek med oss det positive: at vi var ”på” frå start og vi hadde ein profesjonell inngang til kampen, presiserer Hødd-sjefen.

- Skulle møtt nokon andre

Rekdal ønskjer ikkje å utbrodere baklengsmåla noko meir enn det Eid skildrar, men er berre glad for at Hødd scora fleire enn Larsnes/Gursken.

- Eg veit ikkje kva meir eg skal sei. Eg er berre nøgd for at vi er vidare.

- Så det er i orden at det er Hødd som er vidare - og ikkje LGFK, Andreas?

- Helst skulle eg gjerne hatt med begge, så det beste hadde sjølvsagt vore om dei hatt møtt eit anna lag, humrar sandssokningen uskuldig.