Hareidreiste med båten Øysvint til Godøya, og alt på turen frå Brandal forstod vi atkarane var tydeleg tente framfor serieopninga. Treningsvinteren har vore lang,og det er over seks månader sidan vi sist kjempa om poeng. Det kom ingenoverraskingar i laguttaket. I høve generalprøven mot Tornado Måløy FK kom OlaKalvø Vattøy inn igjen som offensiv midtbanespelar, medan Joar Møller fekkrolla som "førstereserve".

1.omgangen var jamn. Godøy fekk det kanskje best til spelemessig, men laga skapteom lag like mange sjansar. Berre vel eitt minutt var spelt då Runar Strandenkom åleine med Godøy-keeper Giskegjerde. Ein 100 %-sjanse altså, menvanylvingen avslutta svakt og keeper redda.

Etter 10minutt gjekk Hareid opp i leiinga. Ola Kalvø Vattøy slo eit hjørnespark fråhøgre som Thor-Ove Brekke nikka presist og hardt i mål. Men Godøy gjekk rettfrå avspark og utlikna. Hareid sov i timen og Erlend "Paco" Holmenscora åleine med Vagn Scheide Mork.

Godøyhadde ein god periode på 1-1, og etter 26 minutt kunne dei fort ha tattleiinga. Men Mork redda avslutninga frå motspelaren som kom åleine. Etter 31minutt vart Hareid snytt for straffespark for første gong denne kampen. OlaKalvø Vattøy skulle avslutte frå kort hald og nesten ope mål, men vartureglementert hindra. Bjarte Steinsbu let vere å blåse.

Spelemessigheva Hareid seg mot slutten av omgangen. I det 37. minutt kombinerte HåkonOrten Trovåg og Runar Stranden bra før Georg Eikrem Olsen avslutta frå korthald, men Godøy-keeperen redda flott. Tre minutt seinare gjekk eiGodøy-avslutning i stonga.

Heilt fråstart av i 2. omgang verka det som Godøy hadde mista gnisten. Dei første 20minutta av omgangen køyrde Hareid på, medan heimelaget hadde ingenting. I det46. minutt vart Hareid snytt for straffe for andre gong denne kampen då HåkonOrten Trovåg vart tatt stygt, men igjen let Steinsbu vere å blåse. Hareid tokleiinga etter 51 minutt. Brekke vart tatt 17 meter frå Godøy-målet, ogfrisparket frå Ørjan Engen Grimstad gjekk presist og hardt gjennom muren og imål.

I det 65,minutt fekk Hareid-straffe då Ola Kalvø Vattøy vart tatt av Godøy-keeperen innei 16-meteren. Regelverket på slikt er jo strengt, så Giskegjerde vart samtidigsendt i dusjen. Ørjan Engen Grimstad scora sikkert frå straffemerket, og dermed1-3.

Hareidvar skuffande tamme perioden etter målet og utvisninga. Faktisk hadde Godøyballen mest, og dei hadde ein stor sjanse til å redusere.

Hareidsette inn friske føter og heva seg på tampen igjen. Heilt mot slutten sloEiliv-Tore Howlid ei millimeterpresis langpasning i bakrommet mot Håkon OrtenTrovåg, som storma mot mål og avslutta. Keeper Ørjan Dyb redda først fint. Såkunne Fredrik Andresen ha sett returen i ope mål om han hadde konsentrert seg,men han vart overivrig og banka ballen over mål.

Dermedhar Hareid vunne på Godøya for aller første gong i ein seniorkamp. Ikkje verstberre det.

Prestasjonenvar litt varierande, men bra i delar av 1. omgang og i første del av 2. omgang.

Ref. HIL

Kampfakta

4.-divisjonrunde 1

Godøy -Hareid 1-3 (1-1)

Godøykunstgras

Tilskodarar:70

Mål: 0-1Brekke (10), 1-1 Holmen (11), 1-2 Grimstad (51), 1-3 Grimstad (65, straffe)

Dommar:Bjarte Steinsbu, Brattvåg IL

Gulekort: 2 til Godøy, 5 til Hareid

Raudtkort: Giskegjerde (Godøy)

Hareid(4-2-3-1): Vagn Scheide Mork (K) (Fredrik Lonbakken 90) - Robin JacksonIndreflø, Martin Nikolai Longva, Ørjan Engen Grimstad, Nauris Driksna - LarsAndreas Dahlen Folkestad (Emil Johannes Dahlen Folkestad 82), Thor-Ove Brekke(Alexander Nevstad 70) - Håkon Orten Trovåg, Ola Kalvø Vattøy (Eiliv-ToreHowlid 82), Georg Eikrem Olsen (Fredrik Andresen 77) - Runar Stranden (JoarMøller 60).