- Det er surt å bli nummer to. No blei det ekstra vanskeleg fordi eg måtte konkurrere mot eit heilt lag, sa heimehåpet Martin Notøy Nevstad (TVK) etter målgang.

Han har rett i det han seier, for i teten berre nokre kilometer før mål var det ikkje mindre enn fem ryttarar frå Ålesund og Omegn CK som kjempa saman for å slå Nevstad. Opp den siste harde bakken mot mål, Skulebakken, blei det raskt tøft for Martin å ta opp kampen mot spanjolen Xavier Zabalo, som hadde ein stor fordel av å køyre saman med lagkameratane sine heile vegen.

- Det første skikkelege støtet kom på Garsholhaugen, og eg kom inn i Skulebakken med masse syre i beina. Det var knalltøft på slutten der, seier han.

Zabalo køyrte i mål på tida 1:42:32,42, noko som er ny rittrekord.

Martin Notøy Nevstad er likevel nøgd med løpet, og meiner han gjorde ein god figur.

- Eg har trena bra, og opparbeida meg eit godt grunnlag. No gjeld det berre å halde oppe det gode arbeidet framover, seier Nevstad.

Nøgd vinnar

Med god hjelp frå lagkameratane, mellom anna Karl Erik Kravik som nyleg deltok i veteran-VM, var det spanske Xavier Zabalo som kunne trakke seg først i mål. Det var han strålandes nøgd med.

- Dette var ein lagsiger, heilt klart. Vi bestemte oss for å trykke ekstra på siste kilometeren, og det trur eg blei avgjerande for at eg kunne vinne i dag. Vi jobba godt saman gjennom heile løpet, seier Zabalo og sørger for å skryte av han som kom på andreplass:

- Martin er ein god og sterk ryttar. Det er klart vi hadde ein fordel ved å sylke som eit lag, mot han som sykla åleine. Eg er veldig nøgd med sigeren, seier Zabalo til slutt.

Deltakarrekord

Rittleiar Kjell Bjørn Hatlebakk var strålande nøgd både med vêret og talet på deltakarar.

- Vi har i år igjen sett ny rekord i talet på deltakarar i hovudrittet. Totalt var det i år 169 påmelde, og rundt 145 av desse sykla dei sju mila rundt Gurskøya og tilbake. Vêrgudane var også med oss i dag, så det har i det heile tatt vore veldig kjekt, seier Hatlebakk.

Vikebladet Vestposten kjem tilbake med bileteserie frå Ulstein Nordea-rittet.