No er rett nok alle seks laga sjuarlag, men også det totale talet på spelarar slår tidlegare rekordar.

Hareid stiller lag i desse klassane: G13. G14, J14, J16 og G16 (x 2).

Torsdag kveld var alle i Hareid ILs Norway Cup-tropp (minus dei som var på ferie) samla ved Hareidsmyrane stadion. Der vart delt ut flukande nye Hareid-genserar, samt treningsskjorter og anna som er sponsa av den nye hovudsponsoren Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Hareid IL er den klubben på Hareidlandet med lengst tradisjonar i å reise på Norway Cup. Første gongen klubben stilte lag i det som lenge har vore verdas største fotballturnering var i 1977.

I a-sluttspelet er bronse i fjorårets G14-klasse (sjuar) den beste prestasjonen. Sjå ikkje vekk frå at eitt eller fleire av Hareid-laga markerer seg i år også.

Vikebladet Vestposten kjem med meir om Norway Cup fram mot turneringsstarten om vel to veker.