- Dette gler eg meg veldig til.  Det er jo veldig kjekt å bli teke ut, seier Renate Grimstad om å bli teken ut på U23-landslaget som skal delta i Nordisk/Baltisk meisterskap neste helg.

At ho vart teken ut i troppa som skal springe 100-meter hekk kom derimot på kort varsel for Dimna-utøvaren.

- Det kom eigentleg litt brått på at eg skulle vere med til København. For vi har trena ganske hardt dei siste 2-3 vekene. Treningsgruppa som er med i skal også på treningsleir til Polen i 10 dagarr, og så kom dette i midten. Så då blir eg med til Polen dei første fem dagane og så reiser eg direkte til Danmark, forklarar Grimstad, som fylte 22 år på fredag.

- Skal ned på "80-talet"

Sjølv om Grimstad har representer seniorlandslaget under Nordisk landskamp i Finland tidlegare i år, forventar ho ikkje å få med seg edelt metall i bagasjen på veg heim.

- Nei, medalje trur eg kanskje ikkje at eg skal klare å ta. Det tvilar eg på altså. må eg springe bra då. Eg er heller ikkje heilt sikker på korleis dei andre spring, for det er jo både baltisk og nordisk.

Men klare amisjonar for meisterskapen har ho likevel:

- Forventningane er å ta ny pers. Eg vil i alle fall ned på 13.80-talet. Så vi får sjå kva tid det kjem, og om det kjem, ler Grimstad.

Nest best i Norge

I juni hevda Grimstad seg i Bislett Games og tok ein imponerande 3. plass. Normalt sett er Isabell Pedersen frå BUL, Oslo, den beste norske utøvaren i denne øvinga, men ho var då skadd. Dette trur Grimstad kan vere ein motivasjon for å ta nye steg i framtida.

Men om ho siktar seg inn på seniornivået allereie no, er ho ikkje heilt sikker på.

- B-kravet for å kome med i EM er vel 13.50, så å forbetre meg så mykje i år trur eg ikkje at eg klarer. Då får eg heller satse på neste år, smiler 22-åringen.

I tillegg til Grimstad er også Pdersen utteken i troppa under meisterkspen i Danmark, men det er ikkje nokon spesiell intern konkurranse mellom dei to.

- Ho er såpass mykje betre, for ho er jo heilt i si eiga klasse. Men det er ei som heiter Ida Bakke Hansen, som eg er litt raskare enn. Vi er ganske like eigentleg. Ho spring vel på 13.94 eller 13.95 (Grimstad har pers på 13.91).

Dimna-patriot

Til dagleg bur Grimstad i Oslo, men er framleis registrert i Dimna IL. Det har ho på ingen måte tenkt å forandre.

- Vi har eit veldig bra tilbod i Dimna og får hjelp når vi spør om noko. Dei legg også til rette for at vi skal få bli med på ulike stemner og treningsleirar. Så eg likar meg veldig godt der. Det har ikkje vore aktuelt å byte til ein klubb i Oslo, avviser ho.

I staden er ho ein del av ei treningsgruppe som held til i Oslo.

- Der er det fleire utøvarar frå ulike klubbar som trenar saman. Han som trenar oss er frå Polen, og er eigentleg på ferie. Så det er dit vi skal på treningsleir, forklarar ho.

Denne gruppa er Grimstad glad for at ho er ein del av, og gir skryt til trenaren.

- Han skal ha mykje av æra for at eg har teke steg etter eg kom til Oslo. Med unntak av éi trening så har han vore på alle treningane våre og er på ein måte «til stades» på treningane. Det er jo veldig bra at han tek seg tid til å trene oss.

Heiar på Karsten

I fjor følgde både Grimstad og dei andre utøvarane i Dimna IL nøye med då Karsten Warholm tok VM-gull i åttekamp i Ukraina.

Det kjem ho også til å gjere i år, når han skal prøve seg i U20-VM i USA.

- Det skal bli kjekt å sjå korleis han gjer det, seier ei spent Renate Grimstad.

- Trur du han får med seg ein medalje frå USA?

- Det hadde vore veldig kjekt da. Det hadde faktisk ikkje forundra meg om han hadde klart det. Den guten har så mykje inni seg. Han overraskar stadig, fortel Grimstad.

Som etter meisterskapen i Danmark skal delta i junior-NM og senior-NM før sesongen er over.