Då Hødd gjesta Color Line stadion i ein treningskamp mot AaFK sist tysdag vart Joakim Wreles 1-0-scoring etter 74 minutt den avgjerande. Sjølv om sigeren ikkje betydde så mykje resultatmessig, kan det betyr mykje mentalt.

- Det er heilt klart at det er ein energiboost å slå rivalen. Sjølv om det berre var ein treningskamp, der vi skal trene på dei tinga vi skal forbetre oss på, så kjende ein at ein verkeleg ville vinne mot AaFK, erkjenner målscoraren.

Den energien tek Hødd og Sindre Eid med seg inn mot haustsesongens første seriekamp mot Tromsdalen søndag kveld.

- Vi tek med oss prestasjonen mot AaFK og ser at vi er i bra form. Det handlar om å prestere jamt og godt heile tida, og at ikkje ikkje går opp og ned. Då skal vi få ein veldig god haustsesong og plukke mange poeng slik at vi blandar oss inn "der oppe", hevdar Hødd-trenaren.

- Enklare mot gode lag

Eid meiner kampen mot AaFK er den typen kampar som passar Hødd bra. Dei siste åra har Hødd ofte bevist at dei gjer det godt mot gode lag, men mot antekne svakare motstand har dei stundom gått på ein smell.

Det trur ikkje Eid er tilfeldig.

- Det er enklare å spele fotball når begge laga ønskjer å angripe, for då blir det ein del meir rom. Det føler vi sjølve også, at mot lag som legg seg lågt så vert det ei tolmodsprøve, forklarar Eid.

- Det såg vi også mot AaFK. Når vi vart trykte litt bakover så vart det vanskeleg for dei å snake så mykje. Det handlar om å gjere dei rette tinga både på og utanfor banen.

- Må vinne

Wrele, som signerte ein permanent avtale med Hødd ut 2015-sesongen tidlegare denne veka, meiner Hødd må starten hausten på same måte som dei avslutta våren på: med å vinne fotballkampar. Derfor meiner han at det er viktig å ta ein siger mot Tromsdalen på søndag.

- Eg synest dette er ein "må vinne"-kamp. Det betyr mykje å få ein bra start etter ferien, og når det er såpass jamt i serien så kan ein klatre mykje med to eller tre sigrar på rappen, kommenterer svensken.

Også 23-åringen er einig med trenaren sin om at Hødd skal vere i nærleiken av der dei var ved sesongslutt i fjor, altså heilt oppe i toppen.

- Vi skal sjå oss oppover og ikkje nedover på tabellen, slår han fast.

NB: Kampen mot Tromsdalen kan du følgje direkte på vikebladet.no. Avspark er klokka 18.00.