(TUIL - Hødd 2-3) Det såg ut at det kom til å gå mot ein komfortabel Hødd-siger når Victor Grodås og Eirik Ulland Andersen scora på kva si side av pausesignalet.

Desse to var også svært sentrale i det første målet, ettersom Grodås spelte vegg med Ulland - som serverte den offensive backen på veg gjennom.

Det var derfor ingen tvil om kva Hødd-backen synest om at Hødd rodde i lag sigeren i Tromsø.

- Dette var forderdeleg godt altså. Det er alltid herleg å slå Tromsdalen, seier han og trekkjer på smilebanda.

- Ikkje kvardagskost

Inne i overtida i den første omgangen starta backen angrepet på eigen banehalvdel, og avslutta angrepet med å klinke ballen inn i det nærmaste hjørnet.

- Var dette karrierens beste mål, Victor?

- Om det er karrierens beste mål veit eg ikkje, men i Hødd-trøya så er det i alle fall det, gliser 22-åringen.

Før målet sitt var han mest oppteken av å berre skape noko offensivt.

- Eg prøvde berre å vere med så mykje offensivt som mogleg, og så fekk eg ballen perfekt av Ulland. Då var det eigentleg berre å setje ballen i kassa. Det var eit bra angrep og det var godt å avslutte det på ein god måte.

- Kva eg tenkte hugsar eg eigentleg ikkje. Det er ikkje akkurat kvardagskost, så eg veit ikkje heilt, undrar ein munter Victor Grodås.

Viktig tidspunkt

- Det var veldig viktig å få med 1-0 inn i garderoben. Å score like før pause er alltid eit bra tidspunkt å score på, seier Grodås.

Med om lag to minutt spelt etter sidebytet dobla Ulland leiinga, og sørgja for at Hødd hadde eit ekstra mål å gå på. Det gjorde at Hødd senka skuldrane - på godt og vondt.

- Då fekk vi ei god kjensle, men det verka som at vi sleppte oss litt nedpå. Eg føler at det var ein litt merkeleg kamp. Vi hadde eigentleg god kontroll og så får dei eit par mål ut av ingenting. Så det var godt at vi drog det i land.