(TUIL - Hødd 2-3) Med eit heimelag som pressa hardt frå start og eit bortelag som ønskte å angripe vart det ein levande kamp på TUIL Arena søndag kveld.

Vertane skapte dei to første store sjansane, men det var Hødd som tok første stikk. Like før pause scora Victor Grodås etter eit stormangrep på venstresida, før Eirik Ulland Andersen dobla leiinga.

Etter det vart det ein underhaldande og fartfylt kamp i Tromsø.

- Spesielt fram til 2-0 synest eg vi var veldig bra. Etter det så føler eg at det vart ein "gi og ta"-kamp, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Ein spent benk

Tromsdalen reduserte både til 1-2 og 2-3. Sjølv om Eid synest det var bra å sjå laget sitt score tre mål, var det ikkje godt for 39-åringen å sjå at heimelaget nesten gjorde det same.

- Det var heilt sikkert ein artig kamp for publikum, men det var ikkje artig for oss på sidelinja. Spesielt dei siste minutta var det tungt å stå der. Det vi tek med oss er at vi scora tre mål på bortebane, det er veldig sterkt.

- Vi møter rett nok eit bra heimelag som hadde fire seirar, to uavgjorte og eitt tap heime før vi kom.

- Lov å ha ein god keeper

Midtvegs i den første omgangen kunne, og burde, TUIL ha teke leiinga. På eit hjørnespark fekk Jonathan Barlow skyte både ein, to og tre gonger på mål, men Hødd-keeper Aslak Falch redda dei to første forsøka før det tredje small i tverrleggjaren.

- Det er lov å ha ein god keeper, humrar Eid.

Hødd-trenaren legg også til at det er betryggande å ha ein matchvinnar bakarst i banen.

- Han har stått veldig bra for oss, så eg er veldig glad for å ha han der. Vi har tre gode keeperar i stallen som pushar kvaradnre og ein dyktig keepertrenar. Det blir det resultat av, reflekterer den tidlegare Hødd-stopparen.

- Kan vere ein strekk

Uheldigvis for Hødd måtte Ole Amund Sveen forlate banen allereie etter om lag ti spelte minutt. Eid fryktar at det kan setje han ut av spel ei stund.

- Det er litt tidleg å seie, men det kan vere ein strekk i sitjemuskulaturen som kan bety at han er ute ei stund. Så får vi sjå kor alvorleg den strekken er, det vil vel berre tida vise, seier ein optimistisk Sindre Eid.