Mot TUIL gjorde Hødd-keeper Aslak Falch seg gjeldande med fleire viktige redningar. 22-åringen meiner at det var eit rett val å kome til Hødd i vinter.

– Eg valde å gå frå Sandnes Ulf til Hødd og 1.-divisjon for å få erfaring og for å bevise både for meg sjølv og andre at eg held dette og eit høgare nivå. Så dette steget var veldig lurt av meg, forklarar sisteskansen.

Sjølv om rogalendingen har vore solid i sin første halvsesong i Hødd-trøya, har han ikkje hastverk med å kome seg vidare i karrieren sin.

– Det er litt tidleg å seie no. Eg ønskjer å vise at eg kan prestere over ein heil sesong og så får ein heller telje opp etter sesongen, seier Falch.

– Slik som det er no er det heilt perfekt for meg å vere i Hødd og spele mange kampar. For å spele i til dømes eliteserien må eg vere god kvar helg. Då må eg vise folk at eg klarar det, fortel Hødd-keeperen.