Søndag måtte Hødd-spelaren Ole Amund Sveen forlate banen etter berre ti minutt. Dette skuldast at han fekk det som etter alt å dømme er ein strekk i øvre delen av sitjemuskelen.

Det betyr ifølgje Sveen betyr det ei lengre sommarpause.

- Eg har hatt dette mange gonger før, så eg trur eg veit kva det er. Kor gale det er veit eg ikkje før eg får teke ei MR-undersøking, utdjupar Sveen.

- Men vanlegvis er ein ute i 4-8 veker med ein slik skade, forklarar 24-åringen.

Det kom på eit veldig ugunstig tidspunkt for den tidlegare Strømsgodset-guten.

- Ja, det kan du seie. Det er veldig synd, ettersom eg føler at eg er i god form og laget gjer det bra, vedgår ein skuffa Ole Amund Sveen.