Juniorverdsmeisterskapen i friidrett starta tysdag kveld (norsk tid) i Eugene, USA.

Dimna-utøvaren Karsten Warholm deltek i både 10-kamp og stafett.

I den første øvinga til Warholm, 100-meter, vart 18-åringen raskast av alle og sprang inn på tida 10.55 (ny pers).

Nest beste utøvar på 100-meteren var amerikanske Harrison Williams med tida 10.75.

Målekluss

I lengdehopp var Warholm med i toppsjiktet.

Tsjekkiske Jirí Sýkora hadde eit bestehopp på på heile 7.98 meter (som ville ha vore ny juniorverdsrekord i mangekamp). Ifølgje dimna.no vart det lagt inn protest på dette, og det viste seg at målinga var feil. Hoppet var då på "berre" 7.35 meter.

Warholms bestehopp var på 7.53, som også er ny personleg rekord for 18-åringen.

Etter dei to første øvingane låg Warholm framleis i teten, fire poeng framfor Sýkora.

Sist i kule

I kulestøyinga gjekk det ikkje fullt så bra bra for 18-åringen.

Av dei som stilte til start enda Warholm heilt sist. 18-åringens beste støyt var på 11.60 meter, som var 3.90 meter bak Sýkora som gjekk til topps i denne øvinga.

Etter kulestøytinga låg Dimna-guten på ein 7. plass, 267 poeng bak Sýkora som toppa poenglista etter dei tre første øvingane.

To blank

Om lag klokka 01.30 natt til onsdag var det duka for høgdehopp.

Warholm hoppa der 2.00 meter. Trass eit godt hopp, var russaren Evgeniy Likhanov og australske Cedric Dubler best av alle. Dei nådde begge opp til merket 2.09 meter.

Først igjen

Konkurranse vart avslutta med 400-meter, og nok ein gong var Warholm raskast på springebanen.

Dimna-guten fekk tida 47.21, som var 0.46 sekund raskare enn tyske Fabian Christ på andreplass.

Etter den første konkurransedagen ligg Warholm på ein tredjeplass - 91 poeng bak Dubler som toppar 10-kampen halvvegs.

Natt til torsdag skal Warholm og dei andre tikjemparane gjennom øvingane 110-meter hekk, diskos, stav, spyd og 1.500-meter.