Før kampen mot Mjøndalen på søndag er det seks av Hødds førstelagsspelarar som står med to gule kort, og er derfor i faresonen for å få karantene ved neste gult kort. Dette gjeld Steffen Moltu, Victor Grodås, Ruben-Kenneth Brandal, Espen Standal, Joachim Magnussen og Vegard Heltne.

Det betyr at Hødd må vere ekstra varsame i dei komande kampane.

– Ja, vi må i alle fall prøve å unngå dei unødvendige gule korta. Det er klart, seier Hødd-trenar Sindre Eid seg einig i.

I tillegg meiner Hødd-sjefen at det er viktig å ikkje drage på seg altfor mange skader og sjukdommar utover hausten.

– No er det viktig å halde folk friske. Vi ser at vi har eit godt lag når vi får så mange spelarar som mogleg i trening. Så å unngå skader blir viktig for oss no som vi går inn i ein periode der ein må rekne med å få litt fleire karantenar, reflekterer 39-åringen.

- For det seier seg sjølv at dess lenger ein kjem i sesongen dess fleire kort samlar ein..

Vi merkar oss også at Hødd framleis ikkje har fått raude kort på dei første 16 seriekampane (og dei to cupkampane).