Hødd var svært nære å få oppleve opprykk til eliteserien i fjor haust. Hadde dei blåkledde vunne den siste seriekampen mot Mjøndalen på Nedre Eiker hadde draumen blitt verkeleg. Det enda med eit 3-1-tap, etter at Hødd tok leiinga etter berre 8 minutt.

Vondt vart verre då laga igjen møttest til kamp i den første kvalifiseringskampen, denne gongen på Høddvoll. Mjøndalen vart for sterke og vann til slutt kampen 2–0. Det er noko Hødd-backen Victor Grodås framleis har i bakhovudet.

– For min eigen del så sit det veldig hardt i enno. Så det er ikkje gløymt, for å seie det slik. Derfor så meiner eg at vi har noko å revansjere frå i fjor, varslar 24-åringen.

Toppkamp

Før runden på søndag ligg Mjøndalen på 6. plass, medan Hødd ligg på plassen under. Det er derfor ingen tvil om at siger vil bety mykje for begge laga.

– Dette er ein kamp som ein må vinne dersom ein ønskjer å vere «der oppe». Det er heilt klart at det blir ein toppkamp på Høddvoll, kommenterer Hødd-trenar Sindre Eid om oppgjeret, som håper at elevane hans held fram dei same taktane som mot TUIL.

– Det håper eg at vi lykkast med. Korleis eit kampbilde blir, veit ein aldri på førehand. Fotball handlar om spel og motspel, men vi ønskjer å styre kampen på Høddvoll, der vi ikkje har vore gode nok så langt i år. Då ønskjer vi sjølvsagt å stå fram på ein like god måte mot Mjøndalen som mot TUIL, seier Eid.

– Må gløyme våren

Matchvinnaren frå sigeren mot TUIL sist helg, Eirik Ulland Andersen, er einig med Eid om at Hødd skal vere det førande laget. I tillegg meiner han at Hødd må stramme opp i det defensive leddet inn mot denne kampen. Han er likevel trygg på at Hødd no har lagt den svake heimeforma i vår bak seg.

– Det er viktig å byggje vidare på den kjensla vi fekk då vi slo Ull/Kisa i siste heimekamp før ferien. No må vi gløyme det som har skjedd tidlegare i år på heimebane og berre fokusere på å sjå framover, seier 21-åringen sjølvsikkert.

* Haustsesongens første heimekamp på Høddvoll kan du sjølvsagt følgje direkte på vikebladet.no som vanleg.