Lokalavisa sender i år ein journalist til Oslo for å dekke dei lokale laga sin innsats i Norway Cup rundt om på Ekeberg og dei andre fotballbanene som er knytt til arrangementet.

Det er Einar Orten Trovåg, som var hjelpetrenar då gutelaget til Hareid vann b-gull i 2006 og elles har delteke fleire gonger på turneringa som spelar, leiar og journalist.

Frå måndag av (og nokre dagar utover i veka) vil Trovåg dekke to-tre utvalde kampar frå turneringa dagleg med referat, kommentarar og bilete, som blir lagt ut på nettsida til lokalavisa: vikebladet.no.

Einar Orten Trovåg tek sjølvsagt imot tips om aktuelle saker under Norway Cup.

Vi ser gjerne at lesarar som er i Oslo også sender inn sine eigne Norway Cup-bilete til sportsredaksjonen. Det kan ein gjere ved å sende ein e-post til sport@vikebladet.no.