Etter at Tromsø berre klarte 0-0 borte mot Vikingur sist veke, måtte dei vinne på Alfheim for å ta seg vidare i kvalifiseringa til Europaligaen.

Det skulle derimot ikkje vere dagen for Morten Moldskred og Tromsø.

Haddølingen spelte frå start for «Gutan», men den tidlegare Hødd-guten klarte ikkje å bidra til siger for tromsøværingane.

Sjølv om TIL tok leiinga etter 52. minutt, vart dei nok litt prega av eit raudt kort like før pause.

Resultatet vart snutt til 2-1 etter pausen, og amatørlaget frå Færøyane gjekk dermed vidare til tredje kvalifiseringsrunde, der dei møter kroatiske HNK Rijeka.

* For Molde og Ørjan Nyland vart det avansement etter at dei vann 5-2 samanlagt over ND Gorica. Nyland fekk også gult kort i returkampen mot det slovenske laget.

* Også Pål André Helland og RBK kom seg vidare, etter at dei vann 3-1 snudde oppgjeret til 4-3 samanlagt. Pål André Helland scora eitt av RBK sine mål.