Denne våren har ikkje Ronny Jørgensen vore spesielt mykje involvert i seniorfotball.

I sommar har 33-åringen planar om å gjere comeback i norsk 3.-divisjon, ettersom han er klar for Vågsøy-laget Tornado Måløy. Det melder fjt.no.

Jørgensen er ikkje eit ukjent namn i den lokale fotballen, ettersom han har ei fortid som spiss for tre sunnmørslag.

Mellom 2002-2004 fekk han 45 1.-divisjonskampar for Hødd og scora fire mål, medan han scora 108 mål på 130 kampar for Hareid mellom 2006 og 2012.

Spissen hadde også eit opphald i Tornado Måløy i 2005, der han scora 20 mål på 20 kampar.