Natt til laurdag sprang det norske stafettlaget (4x100 meter) om ein plass i finalen i U20-VM i USA.

Karsten Warholm var personen som skulle avslutte den siste vekslinga og sprang inn til tida 40.62.

Sjølv om det ikkje heldt til avansement til finalen, sette stafettlaget ny norgesrekord for juniorar. Warholm meiner derfor at stemninga framleis var svært god etter løpet.

- Stafetten synest eg gjekk veldig bra. Vi var eigentleg utruleg nøgde, for vi tok også ny norsk juniorrekord. Det var absolutt eit høgdepunkt. I tillegg så var vi det beste laget i Europa, det er jo nydeleg, gliser 18-åringen.

- Veldig nært

Trinidad og Tobago var det siste av åtte lag som fekk ein finalebillett, med tida 40.32. Det var med andre ord berre tre tidelar om å gjere for Warholm og co.

- Ja, det var veldig nært. Vi presterte litt over evne kanskje, for vi kom litt høgare enn vi hadde forventa. Vi har ikkje sprunge så veldig mykje saman tidlegare og har litt å jobbe med der, så det var eigentleg bra av oss, forklarar Dimna-guten.

No er VM over for denne gong, og Warholm skal nyte ein liten ferie i USA saman med familien før han skal gripe fatt i siste del av friidrettsesongen.

*

Vi legg også merke til at 50 prosent av stafettlaget som representerte Norge natt til laurdag har røter frå Ulstein og Hareid. I tillegg til Karsten Warholm sprang også Even Meinseth, som er soneson til tidlegare Hødd-spelar Tor Meinseth. Even var den utøvaren som starta stafetten, medan Karsten avslutta den.