Etter berre fire minutt fekk Sanel Kapidzic stå meir eller mindre umarkert på bakarste stolpe etter eit innlegg og heada inn opningsmålet.

Om lag ein halvtime seinare førte eit svakt klareringsforsøk av kaptein Jesper Törnqvist til at Mjøndalen fekk legge inn frå venstre. Vamouti Diomande fekk først éin sjanse som vart redda, men på returen fann han Stian Rasch inne i feltet. Han gjorde ingen feil og sette ballen enkelt inn i eit ope mål.

Diomande fekk sjølv æra av å setje inn kampen tredje mål etter at han på eitt touch forlenga eit innlegg frå Stian Asmundsen.

Hødd og Robin Shroot varta opp med kampens vakraste mål, etter at han kombinerte med Eirik Ulland Andersen og banka ballen opp i det lengste hjørnet, men dessverre for Hødd gav scoringa berre eitt mål.

For Diomande var ikkje ferdigscora for kvelden. Med litt over eit kvarter att å spele, utnytta kantspelaren slurv i Hødd-laget og pirka ballen inn bak Aslak Falch på halvdistanse.

Vi følgde kampen: