Under dagens 100-meter hekk sprang Dimna-utøvaren Renate Grimstad inn til ein imponerande 2.-plass under Nordisk/Baltisk meisterskap i Danmark.

Då Vikebladet Vestposten tok ein prat med Renate helga før meisterskapen, var ikkje medalje på tapeten, men ny personleg rekord var målet.

- Medalje trur eg kanskje ikkje at eg skal klare å ta. Det tvilar eg på altså. må eg springe bra då.

- Forventningane er å ta ny pers. Eg vil i alle fall ned på 13,80-talet. Så vi får sjå kva tid det kjem, og om det kjem, fortalde ho til lokalavisa den gongen.

Nådde "80-talet"

Og den pers-en kom som bestilt, for det gjekk nemleg raskare enn nokon gong for Dimna-jenta, som sprang inn til tida 13.81 i København.

Det er 0.10 sekund betre enn hennar førre personlege rekord.

Pers-ambisjonen om å kome ned på 13.80-talet vart dermed innfridd med god margin, og i tillegg fekk altså Dimna-jenta med seg ein sølvmedalje heim i bagasjen.

Ettersom hekktalentet Isabelle Pedersen klinka til med meisterskapsrekord på tida 13.25 sekund, bidrog Grimstad til dagens første, norske dobbeltsiger under den Nordisk/Baltiske meisterskapen.