(Hødd - Mjøndalen 1-4) Hødd fekk ein tung start på Høddvoll, etter at Sanel Kapidzic brukte dryge fire minutt på å score kampen første mål.

Dette er på ingen måte den første gongen Hødd har sleppt inn eit tidleg mål på heimebane denne sesongen. Kvifor dette ser ut til skje på eige gras, har Hødd-trenaren vansker med å forklare.

- Eg har inga god forklaring på det. Vi møter eit lag som ser ut til å ville meir enn oss. Dei er betre enn oss, dei vinn duellar og vi blir springande i mellom. Det ser ikkje bra ut i det heile tatt. Kvifor det blir slik har eg som sagt ikkje noko godt svar på, erkjenner Sindre Eid.

- Ikkje eit topplag

Vondt vart verre då Stian Rasch dobla leiinga og sørgja for at bortelaget leia komfortabelt 2-0 til pause.

I pausen valde Eid å setje innpå to nye ansikt, utan at det gav nemneverdige resultat. For Mjøndalen såg seg aldri tilbake og vann heile 4-1 på Høddvoll.

Det sette ein kraftig kjepp i hjulet for Hødds ambisjonar om å hengje med i toppen.

- Slik vi presterte i kveld så er ikkje vi noko topplag i det heile teke. No må vi jobbe steinhardt for kvart einaste poeng, det er det berre å innsjå. Å vinne kampar handlar om hardt arbeid, springe mykje og vinne duellar. Viss ikkje det ligg i botnen så kan vi tape for kven som helst. Det har vi sett tidlegare i år, forklarar Sindre Eid.

- Utruleg skuffande

Mot Ull/Kisa i siste seriekamp før ferien leverte Hødd ein imponerande kamp, og generalprøven mot AaFK i sommar var absolutt godkjent frå dei blåkledde.

Det såg ut til at sommaren hadde blitt nytta godt i sommarferien, ettersom Hødd viste lovande taktar mot Tromsdalen i førre serierunde.Det var derfor eit hardt slag for Hødd-trenaren å tape så tydeleg mot Mjøndalen.

- Dette er utruleg skuffande, og eigentleg uventa, etter at vi har hatt ei god periode, seier Eid.

- Tatt på det meste

Tidvis såg Hødd uinspirerte ut, og sleit med å skape noko offensivt. Når det i tillegg var ein del rusk bakover i banen var det vanskeleg for dei blåkledde å få eit godt grep i kampen.

- Vi vart tatt på løpskraft, på fysikk og eigentleg på det aller meste, hevdar Eid, som meiner Hødd sleit med å kome tett nok opp i press på enkelte av måla.

- Ja. Det er ulike årsaker til måla, som til dømes markeringssvikt, enkle balltap og vi kom ikkje tett nok oppi, seier 39-åringen.

- Korleis er det å vere Sindre Eid akkurat no?

- Det er heilt forferdeleg.