Etter å ha kombinert med Eirik Ulland Andersen, skrudde Robin Shroot inn Hødds einaste mål i 4-1-tapet mot Mjøndalen. Sjølv om han var glad over å score, var det berre eit lite plaster på såret for briten.

Shroot, som låg i romet bak spydspissen Espen Standal, meiner Hødd sleit med å skape dei heilt store sjansane, og når ein i tillegg slepp inn mål bakover er det eit vanskeleg utgangspunkt for å vinne fotballkampar.

- Vi kan ikkje sleppe inn fire mål på heimebane og forvente å få med oss eit resultat, vedgår 26-åringen.

- Shit happens

Sist heimekamp vart Shroot den avgjerande spelaren, etter at han scora hat-trick mot Ull/Kisa. Denne gongen vart det med det eine.

At det derimot rann inn i motsett side har han vanskar med å setje ord på. Spesielt at Hødd endå ein gong sleppte inn eit mål så tidleg i kampen er uforståeleg for den tidlegare Wimbledon-spelaren.

- Eg veit ikkje. Eg veit verkeleg ikkje. Vi har vore bra dei siste kampane, men som alle veit: ”shit happens”. Uheldigvis så gjekk det ikkje vår veg mot Mjøndalen. På ein annan dag kan vi score fire mål, for vi scora jo tre mål Tromsdalen sist kamp, prøver han å forklare.

Trur framleis på kvalik

Sjølv om Mjøndalen låg på plassen over Hødd før denne runden, trur ikkje Shroot at dette var ein kamp Hødd måtte vinne for å halde følgje med dei andre laga i toppen av tabellen.

- Eg trur ikkje denne, eller nokon kamp, er ein ”må vinne kamp”, med mindre ein til dømes er med i ein nedrykksstrid. Vi siktar jo mot å blande oss inn blant dei laga som ønskjer å klare kvalifiseringa til eliteserien, og kvifor skal ikkje vi kunne klare det? Utfordringa er opp til oss å ta, kommenterer spissen med kampar for Nord-Irlands U21-landslag.

Etter den 17. serierunden ligg Hødd på ein 9.-plass, med fire poeng ned til nedrykk og like mange poeng opp til den siste kvalifiseringsplassen.

- Tabellen lyg ikkje

Hødd-trenar Sindre Eid var svært skuffa over resultatet, og erkjende at det laget hans presterte ikkje var eit topplag verdig.

Det synspunktet delar Hødds målscorar.

- Eg er heilt einig. Tabellen lyg ikkje. Derfor likar eg Sindre. Han brenn for at Hødd skal vere eit topplag, og vi har ingen unnskyldningar for det som skjedde i kveld.

- Vi er der vi er, og tabellen lyg som sagt ikkje. Det gir oss likevel ein sjanse til å sparke ifrå oss i dei siste 13 kampane og bevise folk at vi faktisk er eit topplag, slår Shroot tilbake.