Men grunna fleire skadar vart det lagt til nokre minutt denne kampen. Og det var Loddefjord som nytta overtida best. Dei utlikna til 2-2. Det var kanskje ikkje veldig urettvist ut frå spel og sjansar totalt sett. Men like fullt surt for Hasundgot.

- I dag var vi ikkje nøgde med dømminga, sa ein skuffa Hasundgot-kaptein Eirik Heimdal til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

Han stod for Hasundgot sitt 2-1-mål, til ellevill jubel blant dei tilreisande frå Sunnmøre. Hasundgot leia også 1-0 ganske lenge, då etter ei scoring av Håkon Fjørtoft.

- Vi tapte vår første kamp i går. Men sidan laget vi møtte brukte overårige fekk vi dei tre poenga. Det betyr at vi har fire poeng no. Og at vi har ein avgjerande kamp mot Rustad i morgon. Eg er optimistisk med tanke på poeng der og avansment til a-sluttspelet, varslar Eirik Heimdal.