Tobias Pettersen Hatløy sende Hødd opp i leiinga i 1. omgang. Manglerud-Star utlikna før pause. I 2. omgang viste Mangelrud-Star seg som det klart beste laget og plussa på med tre mål til, slik at dei vann 4-1. Men rett skal vere rett. Hødd vart snytt for "århundrets straffespark" då Richard Hasund vart tatt stygt av MS-keeperen.

- Men vi er ikkje misnøgde med denne kampen. Dette er andrelaget vårt, som består av ein del 13-åringar pluss nokre 12-åringar. Dette var berre den andre 11-arkampen gutane har spelt. No blir det nok b-sluttspel på oss, sa trenar Egil Ulfstein etter kampen.

I går tapte Hødd G13 II (11-ar) 9-0 mot Vålerenga Satsing.