Det skuldast ein del endringar i kampoppsettet, som også betyr at dette Hareid-laget må spele to kampar tysdag.

Men tilbake til måndagens kveldskamp mot Rosendal på Ekebergsletta:

Første del av 1. omgang var jamn. Begge laga hadde eit par OK forsøk. Inn mot pause kunne spissen Jacob Almli ha sendt Hareid opp i leiinga, men marginane vart jamna ut då Rosendal trefte tverrleggjaren like etter. Rosendal fekk blod på tennene og keeper Ajeevan Amirthalingam var ein god mann å ha denne perioden. Men heller ikkje Hareid var tannlause - og kom til nokre gode forsøk. Så 0-0 halvvegs var vel greitt nok.

Derimot spelte Rosendal klart best dei første ti minutta av 2. omgang. Då var Hareid heldige som ikkje låg under. Men etter kvart kjempa Hareid seg inn igjen i kampen. Og Kristen Haddal Røssevoll var centimeter frå å sende Hareid opp i leiinga.

Fem minutt før full tid gjekk derimot Rosendal opp i 1-0. Og fleire mål vart det ikkje. Dette var ein knokkelkamp mellom to ganske fysiske lag. Begge laga viste heiderleg innsats og vel så det. At Rosendal vann knapt var ikkje veldig urettvist ut frå spel og sjansar, men forskjellen på laga var ikkje større enn at Hareid kunne tatt både eitt og tre poeng.

Merk: Hareid stiller to lag i denne klassen. "II" ser noko meir toppa ut enn "I". Men også Hareid-laget vi såg i aksjon i kveld har fleire gode spelarar. Mellom anna let vi oss imponere av stoppar og kaptein John Henrik Kvalsund.