Den tidlegare Volda- og Hødd-spelaren Sivert Heltne Nilsen har gjort sakene sine bra i eliteserien etter overgangen til Vålerenga i vinter.

Ifølgje Dagbladet meiner VIF-sjefen Kjetil Rekdal, som har beundra midtbanespelaren i lang tid, at landslaget bør vere neste mål for 22-åringen.

- Sivert har rett og slett tatt Tippeligaen med storm. Han er ein dominerande figur i ligaen. Det er litt overraskande, for sjølv om vi visste at han hadde nokre enorme defensive kvalitetar, har han vist stor framgang med ballen beina også, seier Rekdal til avisa.

Voldingen, som fekk representere U23-landslaget i fjor sommar, håper å få debuten på a-landslaget før han fyller 25 år.

- Eg veit ikkje heilt om eg bør seie det, men eg vil gjerne vere på landslaget innen to år. Det er noko eg jobbar knallhardt for, seier Nilsen.