Kampen handla derfor om å sikre sigeren i den innleiande gruppa. Og om nokon håpte på eit spennande oppgjer mellom Hødd og Rein, så vart det aldri noko som likna på det.

Fem i første

Allereie etter to minutt tok Hødd leiinga då Astrid Oline Roppen heada i mål frå kort hald. Åtte minutt var spelt då Anna Haddal sette inn 2-0 på eit langskot. Like etter sørgja Haddal for 3-0. Neste mål kom etter 15 minutt. Då var Julie Våge målscorar. Fem minutt før pause (25 minutts omgangar) lobba Amalie Ringstad ballen over ein uheldig Rein-keeper. Dermed 5-0.

Stoppa på 7-0

Like før pause fekk Rein ein stor sjanse til å redusere, men det var også den einaste kvalifiserte sjansen Rein kom til denne kampen. 2. omgang vart ein transportetappe. Ingrid Måseide ordna 6-0 sju minutt ut i omgangen. Og to minutt etter scora Rein sjølvmål. Fleire mål vart det ikkje, og Hødd kunne innkassere ein leikande lett 7-0-siger.

- Jamt godt lag

Kven Hødd skal møte i a-sluttspelet er ikkje klart enno, men dei er sette opp med 1/16-finale klokka 17.30 onsdag.

- Vi har eit jamt godt lag i år. Flaks og uflaks vil avgjere kor langt vi kan nå, i tillegg til kva lag vi møter, meiner Jan Arild Roppen, ein av lagets trenarar.

Vil til finalen

Det vanlege J16-laget er forsterka med dei to overårige spelarane Benedikte Nevstad og Ingrid Måseide. Men dei kan ikkje vere på bana samtidig.

Ifølgje jentene sjølve har dei som mål å gå heilt til finalen i år - og deretter å vinne den.

- Men vi må ta ein kamp om gongene, seier dei glade jentene når vi stiller dei opp til eit lagbilete (som du ser i bileteserien).